Virtuelt bilete

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Øvst: Danninga av eit virtuelt bilete ved hjelp av ei divergerande linse. Nedst: Danninga av eit virtuelt bilete ved hjelp av ein holspegel. I begge tilfelle er f  brennpunktet, O  er objektet og I  bilete, synt i grått. Dei blå linjene er lysstråler. Ein kan sjå at lysstrålene ser ut til å strple ut frå det virtuelle biletet, men eksisterer faktisk ikkje ved posisjonen til det virtuelle biletet. Ein kan derfor ikkje sjå biletet ved å plassere ein skjerm der det virtuelle biletet er.

Eit virtuelt bilete er bilete ein berre kan sjå direkte, men for den som ser avbildinga, ligg objektet bak den brytande eller speglande flata. Virtuelle bilete kan ikkje fangast opp på ein skjerm, men som strålekonstruksjon er dei likeverdige med objektpunkt, og vert avbilda reelt i auge, i eit kamera osv.

Alle virtuelle bilete er oppretta. Virtuelle bilete som vert skapt av linser er rettvendte (ei høgrehand vert avbilda som ei høgrehand). Virtuelle bilete som vert skapt av speglar er spegelvendte og dette medfører at ei høgrehand vert avbilda som ei venstrehand, og om ein peikar mot spegelen, vil spegelbiletet peike attende. Kjensla av spegelvending er særs sterk under eit speglande tak, der vi ser spegelbiletet vårt henge ned frå spegelbilete av golvet.

Bilete i plane speglar, samt brotne bilete, til dømes sett gjennom ei vassflate, er virtuelle. Bilete av sola ved horisonten er på grunn av lysbryting i atmosfære virtuelt. Når vi ser den nedre randa av solbiletet røre horisonten, er i røynda heile sola under horisonten. Dette vert kalla optisk heving.

Samlelinser og holspeglar skapar virtuelle, forstørra bilete av objekt som ligg mellom brennplanet og linsa eller spegelen. Dette vert til dømes utnytta i leselupe og forskjellige okular.

Kulespegel eller konvekse speglar og spreielinser (konkav linse) skapar virtuelle, spegelvendte og forminska bilete.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]