Virvellause dyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Biller er den største einskildgruppa virvellause dyr

Virvellause dyr, ryggradslause dyr eller evertebratar er dyr utan ryggrad, det vil seie alle dyr som ikkje høyrer til virveldyra. Dette omfattar 97 % av alle beskrivne dyreartar, m.a. insekt, krepsdyr, sniglar og manetar. Omgrepet er parafyletisk og strengt usystematisk etter moderne biologisk systematikk, men det er framleis i bruk av praktiske årsaker.

Omgrepet vart først lansert av Jean-Baptiste Lamarck, som var ein av dei første viktige systematikarane innanfor dei virvellause dyra. Før han hadde Carl von Linné plassert alle evertebratar i kategoriane Insecta og Vermes, eit system som i ettertid har vorte forandra til det ugjenkjennelege basert på evolusjonistisk systematikk. I dag kjenner me rundt 36 biologiske rekker virvellause dyr.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]