Visten

Koordinatar: 65°42′27″N 12°35′14″E / 65.70750°N 12.58722°E / 65.70750; 12.58722
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

65°42′27″N 12°35′14″E / 65.70750°N 12.58722°E / 65.70750; 12.58722 Visten er ein fjordarm av Mindværfjorden i Vevelstad kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 21 km søraustover til Lakselvvatnet i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Vistnesodden i sør og Kalvhyllodden i nord. Bygda Visthus ligg på austsida av fjorden og har gjeve han namn. Her endar òg Fv114 og lenger inn i fjorden er det ikkje vegsamband. Likevel finn ein den veglause grenda Kilvika eit stykke inn i fjorden på vestsida. Frå her går Langkilvågen 3 km sørvestover, medan sjølve Visten svingar austover rundt Telavikfjellet og så sørover igjen.

Vidare innover i fjorden finn ein fleire veglause grender. Kvalvågen ligg ytst på ei halvøy i fjorden. Vest for halvøya ligg Strandbukta og garden Indre Stranda. På austsida av halvøya går Aussundet sørover til grenda Ausa. Her svingar fjorden brått austover og skiftar namn til Innervisten, som strekkjer seg 8 km lenger aust og søraust.