Visum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Viusm frå Laos, Thailand og Sri Lanka.
Visum til Kaliningrad frå 1992.

Visum (frå latin, avleidd av videre, 'sjå') er eit løyve til å reise inn i eit land og opphalde seg der. Mange land krev at ein del statsborgarar frå skal ha eit slikt løyve saman med passet sitt før dei får kome inn i landet. Somme land krev også utreisevisum. Visum blir gjevne ved utanriksstasjonar som ambassadar og konsulat, eller på grensa.

I mange tilfelle finst det avtalar mellom to land om at dei to landa sine statsborgarar får reise til det andre landet utan visum. I nokre tilfelle blir det kravd (turist)visum berre for statsborgarane i det eine landet. For eksempel krev Australia at svenske statsborgarar har visum, medan Sverige ikkje krev visum av australske statsborgarar. Sverige krev at mauritianske statsborgarar har visum, medan Mauritius ikkje krev visum av svenske statsborgarar. Det finst også multilaterale avtalar, som Schengenavtalen.

Vanlege visumtypar[endre | endre wikiteksten]

Normalt gjeld det at dei som skal vitje eit anna land må ha ein plan for besøket og ordna overnatting.

  • Turistvisum. Dei besøkande bur på hotell eller liknande. Dei kjem for å vitje fornøyingsparkar, gjere forretningar, få legehandsaming, osb.[1]
  • Besøksvisum. Dei besøkande bur hos venner eller slektningar.
  • Forretningsvisum. Dei besøkande er på tenestereise og skal besøke eit foretak eller ein organisasjon.[1]
  • Transittvisum. Dei besøkande skal berre passere landet og skal ikkje overnatte.[2]
  • Arbeidsvisum. Dei besøkande skal utføre løna arbeid i landet.[3]

Lista varierer mellom landa.

Visumet gjeld ei viss tid, gjerne tre månader, men ein del land gir berre visum for planlagd reisetid.

Eit visum gjeld normalt for ei inn- og utreise. Men ein kan også få visum for fleire innreiser (multiple-entry), noko som gir rett til eit fritt tal med reiser i ei gitt tid.

Å søke visum[endre | endre wikiteksten]

Korleis ein søker visum varierer, men normalt kontaktar ein ambassade eller konsulat til landet ein vil vitje. I visse tilfelle er det enkelt, for eksempel for Australia der ein søker via reisebyrå eller internett og ikkje treng oppgje reiseplanar mm. Ofte er det vanskelegare, for eksempel for Russland har det vore slik at ein har måtta søke og seinare hente visumet personleg på ambassaden og vise fram reiseplanen dag for dag og vise fram eventuelle hotellbookingar.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Motiveringa for å ha krav om visum er at styresmaktene i eit land vil ha kontroll over kven som kjem til landet. Særskilt uroar ein seg for at utlendingar skal gjere lovbrot eller søke asyl. For statsborgarar frå ein del land med låg status er det nesten umogleg å få visum til dei fleste europeiske land, inkludert Noreg, med mindre ein velrenommert organisasjon går god for deira ærlege hensikter og garanterer for opphaldskostnadar. For eksempel kan idrettsmenn få kome om eit norsk idrettsforbund garanterer for dei.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


  1. 1,0 1,1 «Forretnings-/turistvisum». US Travel Docs. CGI Group Inc. Henta 5. januar 2015. 
  2. «Transitt-/skipsmannskapsvisum». US Travel Docs. CGI Group Inc. Henta 5. januar 2015. 
  3. «Arbeidsvisum». US Travel Docs. CGI Group Inc. Henta 5. januar 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Visum