Vitoria-Gasteiz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vitoria-Gasteiz
Vitoria desde berrosteguieta.jpg
Flagget til Vitoria-Gasteiz Byvåpenet til Vitoria-Gasteiz
Flagget til Vitoria-Gasteiz Byvåpenet til Vitoria-Gasteiz
Motto
«Haec est Victoria quae vincit»
(Dette er Victoria som triumferte)
Plassering
Vitoria-Gasteiz is located in
Styresmakter
Land Flag of Spain.svg Spania
Autonom region Baskarland
Provins Álava
Grunnlagd 1181
Borgarmeister Patxi Lazcoz
Geografi
Flatevidd
 - By

276,81 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2009)
   - folketettleik

236 525
  854,5 /km²
Koordinatar 42°51′″N 2°41′″WKoordinatar: 42°51′″N 2°41′″W
Høgd over havet 525 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 01001-01080
Telefon-retningsnummer 945
Nettstad: www.vitoria-gasteiz.org

Vitoria-Gasteiz er provinshovudstad i Álava og regionshovudstad i den autonome regionen Baskarland nord i Spania. Han er den nest største baskiske byen etter Bilbao. Innbyggjarane i byen vert kalla vitorianos eller gasteiztarras.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I år 581 grunnla den vestgotiske konge Liuvigild byen Victoriacum, og prøvde å etterlikne romerske skikkar ved å grunnleggje byen som ei feiring av sigeren mot vaskonane i landsbyen Gasteiz. Ein har ikkje funne gode nok bevis for at Victoriacum låg der dagens Vitoria ligg i dag. Han kan ha vore ved foten av fjellet Gorbea der landsbyen Vitoriano ligg i dag.

I år 1181 grunnla Sancho VI den vise, konge av Navarra, byen Nueva Victoria som ein forsvarsutpost på toppen av ein ås der landsbyen Gasteiz tidlegare låg. I 1200 vart byen erobra av troppane til Alfonso VIII av Castilla, som annekterte byen til Kongedømet Castilla. Byen voks gradvis og i 1431 fekk han bystatus av Kong Juan II av Castilla. I 1463 var han ein av fem villas som skipa brorskapet Álava i lag med Sajazarra, Miranda de Ebro, Pancorbo og Salvatierra.

Ei av dei viktigaste hendingane i seinare historie for Vitoria-Gasteiz er slaget ved Vitoria i den spanske sjølvstendekrigen den 21. juni 1813. Dei franske troppane vart grundig slått av hertugen av Wellington. Eit monument til minne om slaget står på hovudplasseni byen, kalla Sjølvstendemonumentet - Monumento a la Independencia. Vitória i Brasil fekk namn til ære for denne hendinga. Då hendinga seint i juli dette året nådde Wien, bestilte Johann Nepomuk Mälzel ein symfoni hos Ludwig van Beethoven Dette vart op. 91 Wellingtons Sieg eller Die bei Schlachter Vitoria eller Siegessymphonie.

I 1869 opna universitetet i byen. 20. mai 1980 valde det baskiske parlamentet å gjere Vitoria til hovudstad i Baskarland.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vitoria-Gasteiz

Kjelder[endre | endre wikiteksten]