Vitskapsmuseet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 63°25′44.533″N 10°23′14.953″E

Den gamle hovudinngangen til Museet.

NTNU Vitskapsmuseet i Trondheim er eit universitetsmuseum under Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) med natur- og kulturhistoriske samlingar og utstillingar. Museet har forskings- og forvaltningsansvar innan arkeologi og biologi i Midt-Noreg. I tillegg driv museet ei omfattende formidlingsverksemd og har utstillingar i tre bygg på Kalvskinnet.

Dei arkeologiske ustillingane viser funn frå stein-, bronse-, jernalderen og vikingtida i Midt-Noreg. I Suhmhuset ligg Trondheims mellomaldermuseum som vart nominert til Årets museum i Europa i 1997. Vitskapsmuseet har òg ei utstilling som syner unik kyrkjekunst og kyrkjeinventar frå mellomalderen og fram til ca. 1700.

I Gunnerushuset er det utstillingar om natur og miljø, menneske, livet i havet, biologisk mangfald, DKNVS si historie og mykje meir. Museet har ei blanding av langtids- og kortidsutstillingar som stadig blir fornya. I 2010 vart utstillinga Kunnskapslarm 2010 synt i samband med 100-årsjubileet til Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet og 250-årsjubileet til Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab.

Vitskapsmuseet er ei eiga eining i Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, direkte underlagt universitetsstyret på same måte som eit fakultet.

Vitskapsmuseet kan føre si historie attende til 1767, då Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab (DKNVS) vart offisielt stifta (då hadde museumsverksemda pågått i sju år). Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab oppretta eigne samlingar, og dette vart etterkvart organisasjonen si hovudoppgåve. DKNVS Museet vart offisielt etablert i 1926 som eiga eining.

I 1968 gjekk DKNVS Museet inn som ein del av det nyetablerte Universitetet i Trondheim (UNIT), og vart seinare døpt om til Universitetet i Trondheim, Vitskapsmuseet (VM).

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]