Vivendel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vivendel


66 Lonicera periclymenum.jpg

Systematikk
Rike: Plantae
Klasse: Magnoliopsida
Orden: Dipsacales
Familie: Caprifoliaceae
Slekt: Lonicera
Art: L. periclymenum
Vitskapleg namn
Lonicera periclymenum

Vivendel (Lonicera periclymenum) er ein lian i kaprifolfamilien som klengjer seg på andre tre og buskar.

Vivendelblomar.
Foto: Trish Steel, 2005

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Vivendel har klengjestengel, og tvinnar seg rundt andre tre og greiner. Stengelen kan bli mange meter lang. Vivendel har einskilde mjuke hår på blada, og store lysgule blomsterhovud i greintoppane. Blomstrane kan vere raudfarga på utsida.

Blomsteren på vivendel ser ut som ein rett trompet. Det er berre insekt med lang sugesnabel som rekkjer ned til nektaren inst i blomsterrøret.

Etter blomstring får vivendelen raude bær.

Utbreiinga av vivendel.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Vivenvdel finst i Vest-Europa, på øyar i Middelhavet, i Marokko og i Vesleasia. I Noreg veks vivendelen kring Oslofjorden og i kyst- og fjordstrok nord til Velfjord. I Sokndal veks han opp til 450 moh. Vivendelen veks òg i kyststrok i Sør-Sverige.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Vivendel er fylkesblomster i Aust-Agder.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vivendel