Vladimir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vladimir
Владимир
Flagget til Vladimir Byåpenet til Vladimir
Flagget til Vladimir Byvåpenet til Vladimir


Plassering
Vladimir is located in Russland
Vladimir is located in Vladimir oblast
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Vladimir oblast
Grunnlagd
Bystatus
990 eller 1108
1108
Borgarmeister Aleksander Rybakov
Geografi
Flatevidd
 - By

308 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

339 900
  1 103,6 /km²
Koordinatar 56°08′0″N 40°25′0″EKoordinatar: 56°08′0″N 40°25′0″E
Høgd over havet 150 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
Diverse annan informasjon
Postnummer 17401
Retningsnummer (tlf) 600000–600038
Nettstad: www.vladimir-city.ru/

Vladimir (russisk Влади́мир) er ein by i Russland ved elva Kljazma, 200 km aust for Moskva. Han er det administrative senteret i Vladimir oblast og har om lag 340 000 innbyggjarar. Vladimir var ein av mellomalderhovudstadane i Russland og to av katedralane her er innskrive på verdsarvlista. Ved byen ligg Vladimir Semjazino lufthamn og under den kalde krigen låg flybasen Dobrynskoje her.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Grunnlegginga[endre | endre wikiteksten]

Uspenskijkatedralen vart ein modell for katedralar i heile Russland.

Grunnlegginga av Vladimir vert tradisjonelt rekna til 1108, sidan han då vart nemnd første gong. I 1958 vart 850-årsfeiringa for grunnlegginga halde i byen. I 1990-åra fann ein derimot spor som kunne tyde på at byen var eldre, rundt 990. Men i dokument frå 1100-talet vert derimot Vladimir rekna som ein ung by samanlikna med nabobyen Suzdal, som vart nemnd første gong i 1024.

Gullalderen[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Vladimir-Suzdal.
St. Demetrius-katedralen er kjend for dei flotte relieffa på ytterveggane som mellom anna syner bibelsoga om kong David.

Dei viktigaste historiske hendingane i byen skjedde på 1100-talet. Byen vart grunnlagd som ein utpost for fyrstedømet Rostov-Suzdal, og hadde lite politisk og militær påverknad gjennom regjeringstida til Vladimir Monomakh (1113–1125) og sonen Jurij Dolgorukij («lange armar») (1154–1157).

Det var berre under sonen til Dolgorukij, Andrej Bogoljubskij (1157-1175), at han vart senteret for fyrstedømet Vladimir-Suzdal. Slik byrja gullalderen til byen, som varte til mongolinvasjonen av Russland i 1237. I denne perioden voks Vladimir kraftig og vart velståande. Andrej fekk bygd dei gylne portane og Uspenskijkatedralen. I 1164 prøvde Andrej til og med å opprette eit nytt metropolittdøme i Vladimir, som ikkje var ein del av det i Kiev, men dette vart stoppa av patriarken i Konstantinopel.[1]

Russiske, tyske og georgiske murarar bygde dei kvite steinkatedralane, tårna og palassa i Vladimir. I motsetnad til andre nordlege bygningar vart utsida av desse dekt av mange relieff og skulpturar. Berre tre av desse står i dag, Uspenskijkatedralen, Sankt Demetriuskatedralen og den gylne porten. Andrej fekk òg bygd eit fyrstepalass i Bogoljubovo og den verdskjende Pokrovakyrkja ved Nerl, i dag rekna som eit av høgdepunkta i gammal russisk arkitektur. Andrej vart myrda i palasset sitt i Bogoljubovo i 1175.

Nedgang[endre | endre wikiteksten]

Hovudkyrkja i fyrsteinneklosteret vart bygd av Ivan III av Moskva for å erstatte den falleferdige kyrkja der monarkane i Vladimir-Suzdal vart gravlagd.

Den 8. februar 1238 vart Vladimir omleira og erobra av hordar av mongolar og tatarar under Batu Khan. Ein stor brann øydela 32 kalksteinsbygningar alt den første dagen, medan storfyrste og familien hans omkom i ei kyrkje dei søkte tilflukt i frå brannen. Biskopen av Vladimir klarte å rømme.

Etter mongolane kom Vladimir seg aldri opp der dei ein gong var, sjølv om den viktigaste russiske fyrsten (vanlegvis fyrsten av Moskva, men stundom Tver eller andre fyrstedøme) vart titulert storfyrste av Vladimir og var skatteinnsamlar for Den gylne horden. Frå 1299 til 1325 var byen sete for metropolittane i Kiev og All-Russland, før metropolitten Peter flytta sete til Moskva. Storfyrsten av Vladimir vart opphavleg krona i Uspenskijkatedralen i Vladimir, men då Moskva vart det nye setet for storfyrste, vart Uspenskijkatedralen i Kreml i Moskva nytta i staden. Sjølv etter at Moskva tok over denne rolla bygde fleire storefyrstar frå Moskva nye kyrkjer i Vladimir.

Leivningane til fyrsten og helgenen Aleksander Nevskij vart halde i det gamle Fødeselsklosteret i Vladimir fram til 1703, då Peter den store fekk flytta dei til klosteret (i dag Lavra) Aleksandr Nevskyin i St. Petersburg. Sjølve Fødselskyrkja (1191–1196) kollapsa fleire år seinare då ein prøvde å setje inn fleire vindauge i veggane.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Janet Martin, Medieval Russland: 980-1584 (Cambridge: Cambridge UP, 1995), 100.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Vladimir