Vladimir Alikin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vladimir Alikin
Fødenamn Владимир Александрович Аликин
Statsborgarskap Russland
Fødd 20. desember 1957 (66 år)
Novoilyinsky, Perm Krai
Idrett skiskyting
Tok del i

biathlon at the 1980 Winter Olympics – sprint, biathlon at the 1980 Winter Olympics – relay

Utmerkingar

Fedrelandets fortjenstordens medalje av 1. klasse, Fedrelandets fortjenstordens medalje av 2. klasse, Ordenen folkenes vennskap, Fortjent trener i Russland, Idrettens mester i Sovjetunionen

Vladimir Aleksandrovitsj Alikin (fødd 10. mai 1957) er ein sovjetrussisk, tidlegare skiskyttar frå Novo-Iljinsk i Perm oblast som i 1980 vann OL-gull med Sovjetunionen sitt stafettlag.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Alikin meisterskapsdebuterte under VM i skiskyting 1979 i tyske Ruhpolding. I dei individuelle øvingane vart han høvesvis nummer åtte på 20 km og fire på 10 km, før han fekk gå startetappen for Sovjetunionen sitt lag som enda opp med bronse.

Under Vinter-OL 1980 i Lake Placid gjekk Alikin inn til sølv på 10 km etter prikkfri skyting. Til sist i leikane gjekk han startetappen for Sovjetunionen sitt sigrande stafettlag, dei andre på laget var Aleksandr Tikhonov, Vladimir Barnasjov og Anatolij Aljabjev.

Både i 1981 og 1982 starta Alikin for Sovjetunionens stafettlag under skiskytings-VM. Både i Lahti i 1981 og i Minsk 1982 enda det med bronsemedalje. I Minsk-VM vann han også ein bronsemedalje på 10 km, ei tevling der norske Eirik Kvalfoss sikra seg sin fyrste VM-triumf.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar