Vladimir Komarov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Vladimir Komarov (16. mars 192724. april 1967) var ein kosmonaut frå Sovjetunionen. Den første turen hans i verdsrommet var med det sovjetiske romfartøyet Voskhod 1 som blei skote opp i 1964.

På den andre turen i verdsrommet omkom han då romfartøyet Sojuz 1 skulle lande etter turen. Ulykka var ei følgje av fleire feil med romfartøyet, mellom anna med fallskjermen. Han var det første mennesket som omkom i ei ulykke som følgje av ein tur i verdsrommet.