Vladimir Torlopov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vladimir Torlopov

FøddВладимир Александрович Торлопов
14. november 1949 (74 år)
Syktyvkar
Statsborgar avRussland
PartiSameint Russland
Yrkepolitikar, statsmann
Utdanna vedKomi State Pedagogical Institute
MedlemDet russiske føderasjonsrådet
VervPresident i Republikken Komi 2002-2010
FøregangarJurij Spiridonov
EtterfylgjarVjatsjeslav Gaizer
Alle verv
  • medlem av Det russiske føderasjonsrådet
  • medlem av Det russiske føderasjonsrådet (2010–2014) Sjå dette på Wikidata

Vladimir Aleksandrovitsj Torlopov (fødd 14. november 1949 i Syktyvkar) var president i Republikken Komi i Russland frå 15. januar 2000 til 2010.

Torlopov er av etnisk opphav komi. Han voks opp i landsbyen Maksakovka like ved Syktyvkar. Han var ferdig utdanna i 1971 ved Komi statlege pedagogiske institutt. Frå 1990 sat han i parlamentet i republikken Komi.

I desember 2001 vann han presidentvalet med 40 % av røystene, og vann dermed over den sitjande presidenten Jurij Spiridonov. Torlopov vart sett inn som president 15. januar 2002. I 2005 vart han nominert av presidenten i Russland, Vladimir Putin til ein ny periode som president i Komi. Dette vart samrøystes stadfesta av parlamentet i Komi 7. desember 2005.

Torlopov er gift og har to døtrer.