Vladimir Voronin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For den russiske og sovjetiske kapteinen, sjå Vladimir Ivanovitsj Voronin.
Vladimir Voronin

Vladimir Nicolae Voronin (fødd 25. mai 1941) er ein moldovsk politikar og var president i Moldova frå 7. april 2001 til 11. september 2009. Han var fødd i landsbyen Corjova i Transnistria-regionen.

Voronin leiar Partidul Comuniştilor din Republica Moldova (Republikken Moldovas kommunistparti). Han vart vald til president av parlamentet 7. april 2001. I mars 2005, etter at kommunistpartiet hadde fått 46,0 % av røystene i parlamentsvalet, vart han gjenvald som president av parlamentet. Parlamentsvalet i 2009 førte til ein usikker politisk situasjon i landet, då verken kommunistpartiet eller opposisjonen fekk nok stemmer til å få vald kandidaten sin som president. Dette førte mellom anna til demonstrasjonar og opptøyar i hovudstaden. Voronin gjekk av 11. september 2009 i påvente av nye val.


Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vladimir Voronin
Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.