Vladimir Vysotskij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Russisk frimerke frå 1999 med Vladimir Vysotskij avbilda.

Vladimir Semjonovitsj Vysotskij[1] (25. januar 193825. juli 1980) var ein russisk songar, diktar og skodespelar. Han hadde ei særskild stilling som undergrunnshelt i sovjetisk kulturliv, og kan liknast med Wolf Biermann i Aust-Tyskland, Georges Brassens i Frankrike og Jacques Brel i Belgia og Frankrike.


Liv[endre | endre wikiteksten]

Vladimir Vysotskij var fødd i Moskva. Faren, ein høgare offiser, og mora, ein russisk-tysk omsetjar, skilde lag kort tid etter fødselen hans, og Vladimir voks opp hjå faren med ei armensk stemor.

I 1955 byrja Vysotskij ingeniørstudie, men gav dei snart opp. I 1959 byrja han spela små rollar ved Aleksandr Pusjkin-teateret i Moskva. Regissøren Jurij Ljubimov, som skulle bli ein ven og læremeister, inviterte han i 1964 til Taganka-teateret. Her blei han kjend for hovudroller i Hamlet og Brecht-stykket Leben des Galilei. Han spelte også i filmar, som fjellklatrarfilmen Vertikal, og i nokre av desse var songar han hadde skrive med.

Etterkvart var det musikken Vysotskij blei særleg kjend for. Vysotskij hadde ein eigen songstil, brukte ofte humoristisk gateslang og kunne synga om politiske og sosiale tilhøve. Han skreiv over 600 songar om ei rekkje ulike tema. Han kunne til dømes synga som om han var ein krigshelt, ein kriminell eller ein fjellklatrar. Vysotskij framførte dei med ein intense stemme og akkompagnerte dei, som regel i moll, på ein russisk gitar som ofte var stemd ein eller ein og ein halv tone lågare enn vanleg.


Det sovjetiske musikkmonopolet Melodija gav først ikkje ut Vysotskij sine innspelingar, men musikken hans blei likevel spreidd gjennom uoffisielle konsertar og heimelaga lydbandopptak.

Vysotskij var gift to gonger og hadde to barn med Ludmilla Abramova då han i 1967 møtte og blei forelska i Marina Vlady, ein fransk skodespelar av russisk opphav, då ho deltok i innspelingar ved Mosfilm i Moskva. Vysotskij forlet Abramova og blei gift med Vlady i 1969. Tilhøvet blei vanskeleggjort av at dei høyrde til kvart sitt land på ulike sider av «jernteppet», noko som er skildra i mange av Vysotskij sine tekstar.

1970-talet såg høgda av Vysotskij sin popularitet, då også Melodija gav ut nokre av songane hans, og han fekk opptre på tv. I dette tiåret utvikla han eit alkoholmisbruk, spegla i songtekstar om alkoholisme, galskap og besettingar. Ved slutten av livet tok Vysotskij også narkotika, og han døydde berre 42 år gammal av hjartesvikt. Over ein million menneske følgde han til grava. Etter døden blei han offiselt utnemnd til ein sovjetisk «Framifrå artist».

Vysotskij skreiv også dikt. Bortsett frå eitt blei alle desse gjevne ut etter at han døydde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. russisk Влади́мир Семёнович Высо́цкий

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vladimir Vysotskij