Vladimirs Petrovs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vladimirs Petrovs
Statsborgarskap Latvia
Fødd 27. september 1908
Riga
Død

26. august 1943 (34 år)
Kotlas, Vorkuta

Yrke sjakkspelar

Vladimirs Petrovs eller Vladimir Petrov (27. september 190726. august 1943), var ein latvisk sjakkmeister. Han var den sterkaste lativiske sjakkspelaren i perioden frå 1935 og fram til han døydde.

Han er mest kjend som eit av offera for terroren i Sovjetunionen: Han vart 31. august 1942 arrestert for å ha kome med kritiske utsegner om levekåra i Latvia. Han vart deretter dømd etter den illgjetne paragraf 58 til 10 års straffarbeid i ein arbeidsleir (Gulag). Det var deretter ikkje kjent kva som hadde skjedd med han, før det i 1989 kom fram at han døydde i Kotlas 26. august 1943 av ein lungebetennelse.

Resultat i turneringar og tvikampar[endre | endre wikiteksten]

Vladimir Petrovs vart fødd i Riga i Latvia. Han lærte å spele sjakk relativt seint, då han var 13 år, men hadde deretter rask framgang.

Då han var 19 vann han meisterskapen for Riga, og blei nummer 3 i den latviske meisterskapen. Han fekk ein delt 2-5.-plass i den første baltiske meisterskapen i sjakk i Klaipėda i 1931. Petrovs vann ein tvikamp mot Movsas Feigins (+4 –1 =3) i 1931, vann ein tvikamp mot Vladas Mikenas (+2 –0 =1) i 1932 og tapte knipe ein tvikamp mot Rudolf Spielmann (+1 –2 =5) i 1934.

Vladimirs Petrovs delte førsteplassen med Fricis Apšenieks i den latviske meisterskapen i sjakk i 1934, og vann den latviske meisterskapen åleine i 1935 og 1937. Han vann ei turnering i Helsingfors i 1936.

Den truleg beste prestasjonen i sjakkarrieren kom i storturneringa i Kemeri i 1937, der han delte førsteplassen med Samuel Reshevsky og Salo Flohr, framom Alexander Alekhine, Paul Keres, Endre Steiner, Saviely Tartakower, Reuben Fine, Gideon Ståhlberg og andre.

Same året gjekk det ikkje like bra i Semmering, der han blei nr. 8 og sist. Han vart delt 3-5 i Lodz 1938, etter Vasja Pirc og Saviely Tartakower, og nr. 3 i Margate 1938, etter Alexander Alekhine og Rudolf Spielmann, men slo verdsmeisteren i sjakk Alekhine i partiet mot han. I 1939 vart Petrovs nr. 8 av 16 spelarar i Kemeri–Riga, og vann i Rosario, framom Erich Eliskases og Vladas Mikenas. [1]

Resultat i sjakkolympiadar[endre | endre wikiteksten]

Petrovs spelte for Latvia i alle dei sju offisielle sjakkolympiadane (lag-VM i sjakk) frå 1928 til 1939. Han spelte også i den uoffisielle olympiaden i München 1936.

  • I juli-august 1928 spelte han tredje bord ved det 2. sjakk-OL i den Haag (+5 –4 =7).
  • I juli 1930 spelte han andre bord ved det 3. sjakk-OL i Hamburg (+8 –3 =6).
  • I juli 1931 spelte han tredje bord ved det 4. sjakk-OL i Praha (+9 –2 =5).
  • I juli 1933 spelte han andre bord ved det 5. sjakk-OL i Folkestone (+6 –5 =3).
  • I august 1935 spelte han første bord ved det 6. sjakk-OL i Warszawa (+7 –5 =7).
  • I august-september 1936 spelte han første bord ved det uoffisielle sjakk-OL i München (+10 –3 =7).
  • I juli-august 1937 spelte han første bord ved det 7. sjakk-OL i Stockholm (+5 –3 =10).
  • I august-september 1939 spelte han første bord ved det 8. sjakk-OL i Buenos Aires (+8 –0 =11).[2]

Han vann to individuelle medaljar: Gull i 1931 og bronse i 1939. Han klarte eit spesielt godt resultat på første bord i Buenos Aires: Han tapte ikkje noko parti, spelte remis mot verdsmeisteren Alexander Alekhine, den tidlegare verdsmeisteren José Raúl Capablanca og den nye stjerna Paul Keres, og vann mot spelarar som Vladas Mikenas, Roberto Grau, Saviely Tartakower og Moshe Czerniak.

Latvia annektert, sovjetiske turneringar, arrestasjon og dødsfall 1940-1943[endre | endre wikiteksten]

Som følgje av dei hemmelege delane av Molotov-Ribbentrop-pakta i 1939, så vart Larvia annektert av Sovjetunionen i 1940.

Petrovs var kritisk, men heldt fram med å spele turneringar under det nye regimet. Han vart nr. 10 av 20 spelarar i Sovjetmeisterskapen i sjakk 1940, klarte ein delt tredjeplass i Riga 1941, og tok andreplassar i fleire sterke turneringar: Moskva 1941, etter Isaak Mazel, Moskva 1942, etter Igor Bondarevsky [1], og Sverdlovsk 1942, etter Viacheslav Ragozin.

Etter at Tyskland invaderte Sovjetunionen den 22. juni 1941 vart det umogleg for Petrovs å reise heim til kona og dottera i Latvia. Han måtte difor bli verande i Russland. Den 31. august 1942 vart han arrestert, skulda for å ha forbrote seg mot den illgjetne Paragraf 58 i den russiske straffelova. Han hadde kritisert at levekåra i Latvia hadde gått ned etter at Sovjetunionen annekterte landet i 1940. Petrovs vart dømd til 10 års straffarbeid, og send til ein arbeidsleir (Gulag). Det var deretter ukjent kva som hadde skjedd med han, fram til 1989, då det kom fram at han hadde døytt i Kotlas 26. august 1943 av ein lungebetennelse.

Minneverdige parti[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 21. februar 2007, henta 2. mai 2009 
  2. OlimpBase :: the encyclopaedia of team chess