Vlasina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vlasina (Власина)
elv
Vlasina i Pukli kamen
Land  Serbia
Nedslagsfelt 1 050 km²
Lengd 68 km
Kjelde Vlasinasjøen, søraust i Serbia
 - høgd 1 213 moh.
Munning Južna Morava, aust for Leskovac
Kart
Vlasina
42°44′52″N 22°19′51″E / 42.747798°N 22.330754°E / 42.747798; 22.330754
Wikimedia Commons: Vlasina

Vlasina (serbisk Власина) er ei elv søraust i Serbia med ei lengd på 68 km. Ho er ei sideelv til Južna Morava frå venstre, og har gjeve namn til regionen ho renn gjennom.

Vlasina spring ut frå Vlasinasjøen i ei høgd på 1213 meter over havet. Innsjøen var tidlegare ei torvmyr,m en då Vlasina vart demd opp i perioden 1947 til 1951 vart myra gjort om til ein kunstig innsjø. Vlasina munnar ut i Južna Morava aust for Leskovac.

Vlasina drenerer eit område på 1050 km² og har eit nedslagsfelt som høyrer til Svartehavet.

Etter ein perioden med kraftig regn den 26. juni 1988 oppstod det ein katastrofal flaum i Vlasina. Eit område på over 1000 km² vart råka og det vart gjort skadar for om lag 1 milliard dollar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]