Vlorë

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vlorë
Strandlina i Vlorë
Strandlina i Vlorë
Styresmakter
Land Albania
Grunnlagd 500-talet fvt.
Borgarmeister Shpëtim Gjika
Geografi
Flatevidd
 - By

42,7 km²
Innbyggjarar
 - By (2006)

93.812
Koordinatar 40°28′″N 19°29′″EKoordinatar: 40°28′″N 19°29′″E
Høgd over havet 0 m
Tidssone UTC +1 (UTC1)

Vlorë (albansk Vlorë eller Vlora, gresk Αυλών, Avlón eller Αυλώνα, Avlóna) er den nest største hamnebyen i Albania etter Durrës med om lag 94 000 innbyggjarar (2006).

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Byen ligg sørvest i Albania i Vlorë-distriktet og Vlorë kommune 40°28′N 19°29′E.

Vlorë ligg på ei høgd nær Avlonabukta, ei vik i Adriatarhavet som nesten er heilt omringa av fjell. Hamna er den beste langs kysten av Albania, og den som ligg nærast Italia. Ho er verna av øya Saseno og Glossaneset.

Byen har ein fin utsjånad med minaretar og palass med hagar og olivenlundar rundt. Valonia, eit material som ein brukar ved garveri, er frøgjemmet til ei eikenøtt som veks i området, og som har fått namnet sitt frå byen.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Vlorë er ein av dei eldste byane i Albania og vart grunnlagd på 500-talet fvt. som ein gresk koloni kalla Aulōn, og ein av tre slike koloniar langs kysten av Illyria. Han vart første gong nemn Klaudios Ptolemaios (Geographia, III, xii, 2). Andre geografiske dokument, slik som Peutinger sin «Tabula» og «Synecdemus» av Hierocles nemnar òg byen. Byen vart ei viktig hamn i Romarriket, då han var ein del av Epirus Nova.

Den 28. november 1912 utropte Ismail Qemali Albania si sjølvstende i Vlorë.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]