Vogel Peak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vogel Peak
fjell
Land  Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane
Fjellkjede Salvesen Range
Topp Sør-Georgia
 - høgd 1 350 moh.
 - koordinatar 54°34′S 36°14′W / 54.567°S 36.233°W / -54.567; -36.233
Kart
Vogel Peak
54°34′00″S 36°14′00″W / 54.5667°S 36.2333°W / -54.5667; -36.2333

Vogel Peak er ein fjelltopp på 1350 moh. som ligg 1,5 nautiske mil (2,8 km) søraust for Ross Pass i Salvesen RangeSør-Georgia. Han vart opphavleg gjeve namnet «Matterhorn» av den tyske gruppa under Det internasjonale polaråret, 1882-83. Namnet fekk aldri fotfeste, og sidan mange toppar på Sør-Georgia minnar om det sveitsiske Matterhorn, vart eit nytt namn føreslått av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) i 1957. Vogel Peak er kalla opp etter dr. P. Vogel, nestkommanderande og ein fysikar og meteorolog på den tyske ekspedisjonen 1882-83. Han gjorde dei første glasiologiske undersøkingane på Sør-Georgia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Vogel Peak» (innhald frå Geographic Names Information System).