Vogesane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Typisk landskap i Vogesane (Chajouxdalen i La Bresse i Frankrike)
Fossar i dei austlege Vogesane
Innsjø i Vogesane (Lac de Schiessrothried)

Vogesane er ei fjellkjede i sentral-vestlege delar av Europa. Ho strekkjer seg langs vestsida av Rhindalen mot nord-nordaust, frå Basel i Sveits til Mainz i Tyskland. Geografisk ligg heile fjellkjeda i Frankrike der Pfälzer Wald ligg på andre sida av Col de Saverne. Geologisk vert derimot delar av Pfälzer Wald rekna som ein del av Vogesane, særleg den franske delen av Pfälzer Wald.

Frå 1871 til 1918 danna den sørlege delen av fjellkjeda, frå Ballon d'Alsace til Mont Donon grensa mellom Frankrike og Tyskland. Det er mange likskapar mellom Vogesane og Schwarzwald på andre sida av Rhinen. Begge ligg på same breiddegrad, og har same geologiske formasjon. Begge er dekte av skogar i dei lågareliggande områda med opne beitemarker og runde toppar i høgare område. I tillegg dalar begge bratt ned mot Rhinen på kvar si side. Vogesane består stort sett av granitt i dei sørlege delane, med enkelte massar av porfyritt og ein slags raud sandstein, som på den vestlege fjellsida har det franske namnet grès Vosgien.

Orografisk er kjeda delt i fire delar frå sør til nord: Grandes Vosges, som strekkjer seg frå Belfort til Bruchedalen; Sentral-Vogesane, mellom Bruche og Col de Saverne; Nedre-Vogesane, mellom Col de Saverne og kjelda til Lauter; og Hardt. Dei runde toppane i Grandes Vosges vert kalla ballons.

Departementa Vosges og Haute Saône er delt frå Alsace og Territoire de Belfort av Ballon d'Alsace eller St. Maurice. Nordover frå her er middelhøgda om lag 1 000 meter. Det høgaste punktet, Ballon de Guebwiller (Gebweiler), eller Soultz, stig opp aust for hovudkjeda til 1 424 m. Col de Saales, mellom Grandes Vosges og dei sentrale områda er nesten 650 m høg. I dei sentrale områda er Mont Donon (1 008 m) den høgaste toppen.

Jernbanen frå Paris til Strasbourg og Marne-Rhine-kanalen kryssar Col de Saverne. Ingen jernbanelinjer kryssar Vogesane mellom Saverne og Belfort, men det går bilvegar over overgangane Bussang frå Remiremont til Thann, Schlucht frå Gérardmer til Munster, Bonhomine frå Saint-Dié-des-Vosges til Colmar og Ste Marie-aux-Mines. Dei nedre Vogesane er eit sandsteinsplatå med ei høgd på 300-600 meter.

Det er ein markert vêrmessig skilnad mellom austlege og vestlege delar av kjeda, og dei vestlege områda får mykje meir regn og har lågare middeltemperatur enn den austlege sida. På austsida vert dyrka vindruer opp til 400-500 meter, men berre elva Ill og andre korte elvar renn her. På vestsida har elvane Mosel, Meurthe og Saar alle kjelda si i Lorraine. Morener, rullesteinar og polerte steinar vitnar om at Vogesane var dekt av isbrear. Innsjøar omringa av furu, bøk og lønn, og grønne enger og beitemarker for store flokkar av kyr er ein del av dette naturskjønne området, der ein har utsyn over Rhindalen, Schwarzwald og dei snødekte sveitsiske fjella.