Bånsull

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Voggesong)
Notar til voggesongen «Hush-a-bye baby».

Bånsull eller voggesong er ei nemning på songar sungne for ungar når ein vil roa dei ned eller ha dei til å sova. Bånsullar er som regel enkle, rolege melodiar med mange vers som kan sulla eit barn til å sova. Mange bånsullar er gamle folkeviser. Nyare slike verk blir gjerne kalla kveldssongar eller godnattsongar.

I klassisk musikk ber bånsullar gjerne det franske namnet berceuse. Den mest kjende klassiske bånsullen er truleg «Wiegenlied» av Johannes Brahms, medan «Gjendines bådnlåt» av Edvard Grieg er den best kjende norske bånsullen i klassisk musikkstil.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]