Vohu manah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Religion
Denne artikkelen er del av serien om
Parsismen
Yazd fire temple.jpg
Teologi
Ahura Mazda
Angra Mainyu
Spenta Mainyu
Yazataene
Atar - Verethraghna - Rashnu
Sraosha - Mithra - Anahita
Amesja Spentaene
Asja Vahisjta - Vohu Manah
Khsjathra Vairya - Spenta Armaiti
Haurvatát - Ameretát

Vohu manah eller vohuman («den gode hugen») er ein av dei seks amesja spentaene i parsismen. Han er anden til guddommeleg visdom, opplysing og kjærleik. Vohu manah gjev menneske evna til å skjøna asja (sanning, rettferd) og naturen til jorda vår, og ta det rette valet. Han er dermed instrumentet av moralsk tenking.

Parsarar trur at Vohu manah er nærare til Ahura Mazda enn dei andre amesja spentaene. Det var han som leia Zarathusjtra til Ahura Mazda den første gongen. På grunn av det trur dei at alle som vil kjenna Ahura Mazda må gå ved Vohu manah. Parsarar trur at den enklaste måte å innlemma Vohu manah i livet sitt er med kjærleik, i ekteskap og med familien, naboar og andre menneske.

Den andre månaden i dei parsiske kalendrane er vigsla til Vohu manah. Han er knytt til tamdyr, særleg kyr, som symboliserer godleiken han framdyrkar.