Voksetarfamilien
| Voksetarfamilien | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Piciformes | |
| Familie: | Indicatoridae | |
Voksetarar, Indicatoridae, er ein familie av spettefuglar som lever i den tropiske del av «den gamle verda». Dei fleste artane finst i Afrika, to artar lever i Asia.
[endre] Skildring
Mest alle artane har fjørdrakt i avdempa farger, med somme unnatak for artar med lys gul fjørdrakt. Alle har lyse ytre halefjør, og hos dei afrikanske artane er desse fjøra kvite.
Dei fleste artane i familien er blant dei få fuglane som regelmessig et bivoks. Artar i slekta Prodotiscus beitar truleg vokssekret frå skjoldlus, også i mindre grad somme artar i Melignomon og dei minste artane i Indicator. Anna diett er larver i bikoloniar, insekt, edderkoppar og i nokre tilfelle frukt. Mange artar beitar i flokkar med blanding av individ frå ulike voksetarartar.
Det engelskspråklege namnet på familien, ’honeyguide’, kjem av at ein eller to artar i familien kan vise veg til bikoloniar. Somme meiner det kan oppstå samarbeid mellom store pattedyr og voksetarar ved at dyra opnar strukturar og et honning slik at voksetarane får tilkomst på restar av voks og larver. Dette er dokumentert for arten honninglos.
Ein kjenner hekkevanane til åtte artar i slektene Indicator og Prodotiscus. Alle desse er hekkeparasittar som legg eitt egg i reir hos ein annen art, og held fram i ein serie på fem egg i løpet av fem til sju dagar. Dei fleste vertane er hòlrugarar, ofte skjeggfuglar eller spettar, men Prodotiscus parasitterer artar med vanlege reir som for eksempel brillefuglar og songarar. Ungar av voksetarar er kjent for å vere i stand til å drive ut eller drepe verten sine ungar eller punktere egga hos verten. Nebbet til voksetarungane har ein krok som passar til denne åtferda.
[endre] Artslista
- Slekt Colius
- Brunmusfugl, Colius striatus
- Kvitkronemusfugl, Colius leucocephalus
- Raudryggmusfugl, Colius castanotus
- Kvitryggmusfugl, Colius colius
- Slekt Urocolius
- Blånakkemusfugl, Urocolius macrourus
- Raudmaskemusfugl, Urocolius indicus
- Slekt Prodotiscus
- Sotsnyltefugl, Prodotiscus insignis
- Alvesnyltefugl, Prodotiscus zambesiae
- Bleiksnyltefugl, Prodotiscus regulus
- Slekt Melignomon
- Kongosnyltefugl, Melignomon zenkeri
- Gulbeinsnyltefugl, Melignomon eisentrauti
- Slekt Indicator
- Dvergvoksetar, Indicator pumilio
- Skuggevoksetar, Indicator willcocksi
- Bleikvoksetar, Indicator meliphilus
- Skjeggvoksetar, Indicator exilis
- Tjukknebbvoksetar, Indicator conirostris
- Gråvoksetar, Indicator minor
- Flekkvoksetar, Indicator maculatus
- Skjelstrupevoksetar, Indicator variegatus
- Gulgumpvoksetar, Indicator xanthonotus
- Gulskuldervoksetar, Indicator archipelagicus
- Honninglos, Indicator indicator
- Slekt Melichneutes
- Lyrevoksetar, Melichneutes robustus
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen honeyguide frå Engelsk Wikipedia .
-
- Short, Lester L., (1991) Forshaw, Joseph. ed.. Encyclopaedia of Animals: Birds, London: Merehurst Press. pp. 155. ISBN 1-85391-186-0.
- Friedmann, Herbert, (1955) The Honeyguides, U.S. National Museum (Bulletin 208).
- Short, Lester og Jennifer Horne, (2002). Toucans, Barbets and Honeyguides, Oxford University Press. ISBN 0-19-854666-1.
- Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forenings hjemmesider (publisert 22.5.2008).