Volapük

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Volapük
Andre namn: Volapyk
Klassifisering: konstruerte språk
Bruk
Volapüktalande i alt: Ingen morsmålsbrukarar
Skriftsystem: Det latinske alfabetet
Språkkodar
ISO 639-3: vol
Wikipedia på volapük

Volapük eller volapyk er eit kunstig språk laga i 1879 av Johann Martin Schleyer, ein katolsk prest i Baden i Tyskland.

Schleyers språklege visjon[endre | endre wikiteksten]

Schleyer ville lage eit språk for internasjonal kommunikasjon som var lett å lære for menneske i alle kulturar. Derfor forenkla han grammatikken og gjorde den heilt regelrett og utan unntak. Alle bokstavar uttalast alltid likt, og alle ord har same trykk, på siste staving («volapyk» uttalast «volapyk»).

Ordforrådet kjem hovudsakleg frå engelsk, men også frå fransk og tysk. Orda er kraftig omforma for å svare til dei grammatiske reglane til språket. F.eks. må ingen substantiv i eintal ende på «-s» fordi dette er fleirtalsending. Bokstaven r blei nesten heilt unngått, fordi Schleyer meinte den ville skape vanskar for kinesarar. Enkeltord er gjort korte fordi dei skal vere billege å telegrafere, noko Schleyer meinte var viktig for eit internasjonalt språk.

Døme:

Engelsk «animal» blir volapyk «nim». Engelsk «rose» blir «lol». Språkets namn er sat saman av «vol», frå engelsk «world», og «pük», frå engelsk «speech», med ein genitivsending «-a» imellom: «vol-a-pük». Direkte oversett vert det altså «world-s-speech» eller «verd-s-språk».

Volapyks enkelheit og regelmessigheit gjer at grunnreglane er lette å lære. Tross at det seinare fekk ry for å vere vanskeleg, viser erfaring at det er mogleg å lære volapyk mykje fortare enn eit nytt naturleg framandspråk.

Men for brukarar av språk som hentar mange røter frå latin, er orda ikkje lette å kjenne igjen, ulikt i språk som esperanto og interlingua. Og sjølv for folk som snakkar engelsk er dei aller fleste ord med engelske røter i volapyk ugjenkjennelege.

Dette utvikla seg til å bli ein hovudkritikk av språket.

Volapyks internasjonale gjennombrot[endre | endre wikiteksten]

Schleyer sin innverknad i katolske miljø, bl.a som salmediktar, førte til volapyks første utbreiing i tysk-språklege område.

Men sitt verkelege internasjonale gjennombrot fekk språket då det kom på moten i Paris midt på 1880-talet. Derfrå spreidde det seg raskt til dei fleste land i Europa, og til Amerika og Asia.

I leiinga for arbeidet i Frankrike stod Auguste Kerckhoffs, som var ein respektert vitskapsmann og hadde innverknad blant medlemmar av Det Franske Akademi, i pressa osv. Dermed fekk volapyk innpass i kretsar som var nokså forskjellige frå Scheyers første tilhengjarar.

Kerckhoffs var ein effektiv propagandist og organisator og dyktig pedagog. Han skreiv ei god lærebok som blei omsett til mange språk (bl. a. svensk) og var heilt overlegen Schleyers lærebok. Kerckhoffs er den enkeltpersonen som hadde størst tydning for den veldige veksten til volapyk-rørsla på andre halvdel av 1880-talet.

Høgdepunktet til Volapyk-rørsla[endre | endre wikiteksten]

Det vart gjennomført verdskongressar i 1884 i Friedrichshafen, 1887 i München og 1889 i Paris. Mange hundre bøker kom ut på volapyk. I 1889 fantes det 316 lærebøker på 25 språk, 283 volapyk-klubbar og om lag 25 tidsskrift.

I følgje volapyk-propagandaen hadde rørsla på sitt største over 100 000 medlemmar. Det er i alle fall sikkert at mange tusen lærte å snakke og korrespondere på volapyk, og det var over 1000 volapyk-lærarar med eksamen.

I Noreg fanst volapyk-klubbar i alle fall i Kristiania, Bergen og Trondheim, og eit felles dansk-norsk tidsskrift hadde volapyk-nyhende frå Noreg. Frå det er det kjent f.eks. at Bjørnstjerne Bjørnson deltok på ein middag arrangert av volapykistar i København. [treng kjelde]

Språkdøme[endre | endre wikiteksten]

Bønna Fader vår på Volapük frå andre halvdel av 1880-talet:

O Fat obas, kel binol in süls,
paisaludomöz nem ola!
Kömomöd monargän ola!
Jenomöz vil olik,
äs in sül, i su tal.
Bodi obsik vädeliki givolös obes adelo.
E pardolös obes debis obsik,
äs id obs aipardobs debeles obas.
E no obis nindukolös in tentadi,
sod aidalivolös obis de bad.
Jenosöd!

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikipedia-logo-v2.svg Wikipediavolapük