Volda Mineralvatn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Volda Mineralvatn AS, tidlegare Brænne Mineralvatn, var ein brusprodusent opphavleg lokalisert på Folkestad i Volda kommuneSunnmøre og seinare flytt til Furene industriområde. Foretaket vart starta i 1915, og vart drive av familien Brænne sidan 1927.

Brænne Mineralvatn var ein av dei siste frittståande brus-fabrikantane i Noreg. Dei har slite tungt i konkurransen med romsdalsbaserte Oskar Sylte Mineralvannfabrikk i Molde.

Brænne mineralvatn produserte brusen som vart selt i Lidl-butikkar i Noreg. Lidl vart kjøpt av Reitangruppen i 2008 som ikkje førte avtala vidare[1]. I oktober 2009 meldte verksemda oppbod og Volda Mineralvatn og Brænne-brusen gjekk inn i historia etter 94 år med drift.[2]

Inntil nedlegginga var det 10-15 personar som arbeidde med framstilling av saft, leskedrikk, brus og mineralvatn hos Brænne.

Foretaket hadde si eiga vasskjelde, Aasen-kjelda, som ligg eit «steinkast» frå Ivar Aasens heimstad, 150 meter nede i grunnfjellet. Vatnet i kjelda er godkjent som naturleg mineralvatn etter internasjonale krav.

Produkt[endre | endre wikiteksten]

Klassiske produkt:

Produkt på lisens:

Vatn

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]