Voldsfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Voldsfjorden sett frå Folkestad.
(Foto: Michael Shanks)

Voldsfjorden eller Voldafjorden er ein fjordarm av Rovdefjorden i Volda kommuneSunnmøre. Fjorden er om lag 18 km lang og inn til botnen av Austefjorden er han 29 km.

Fjorden har innløp i nord mellom Risneset i vest og Bjerkneset i aust. Litt inn i fjorden ligg Lauvstad på vestsida av fjorden. Frå her går det ferje over til sjølve Volda på austsida litt lenger inn i fjorden. Sør for Lauvstad går fjordarmen Dalsfjorden rett sørover. Frå Volda går det vidare ferje til Folkestad. Litt sør for Volda og Folkestad deler fjorden seg i to. Mot sørvest går Kilsfjorden, medan Austefjorden held fram austover.

Voldsfjorden er den djupaste av alle fjordane på Sunnmøre. Største djupna er 697 m, utanfor Voldshammaren.

E39 går langs vestsida av fjorden frå Straumshamn til Folkestad. E39 følgjer så ferjestrekninga Folkestad-Volda, og går deretter frå Volda sentrum ca 3 km langs fjorden til den svingar av frå fjorden mot ØrstaEkset. Riksveg 651 går frå Straumshamn og austover til Fyrde i fjordbotnen, og deretter nordvestover på nordsida av fjorden til Volda sentrum. Riksveg 652 følgjer først ferjestrekninga Volda-Lauvstad, og går så på vestsida av fjorden, frå Lauvstad og nordover til utløpet av fjorden ved Risneset, og deretter vidare mot Vanylven.