Volga–Austersjøkanalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Volga-Austersjø-kanalen)
Kart over Volga–Austersjøkanalen.
Ein oppsynsmann ved ei sluse i Mariinsk-systemet, om lag 1910.
Volga–Austersjøkanalen (i boksen), vist i høve til heile Volga og sambandetr til Kaspihavet og Svartehavet.

Volga–Austersjøkanalen (russisk:Волго–Балтийский водный путь), tidlegare kjend som Mariinskkanal-systemet (russisk: Мариинская водная система), er ein serie kanalar og elvar i Russland som bind Volga saman med Austersjøen. Den samla lengda mellom Tsjerepovets og Onegasjøen er 368 km.

Vassvegen vert mykje brukt til frakt av mellom anna olje, malm, kol, korn og tømmer. I dei siste åra har Volga–Austersjøkanalen også fått auka viktigskap som ei turistrute.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Etter at Peter den store vann Finskebukta frå Sverige vart det naudsynt å sørgje for eit påliteleg system for elvetransport mellom hamna i St. Petersburg og det russiske innlandet. Den tidlegaste kanalen over Vysjnij Volotsjok, fullført i 1709, hadde dette som føremål. Han vart følgd av det ambisiøse prosjektet Ladogakanalen.

Under Aleksander I av Russland vart den tradisjonelle vassvegen over Vysjnij Volotsjok komplementert av ein kanal via Tikhvin (1811) og Mariinskkanal-systemet (1810), der den sistnemnde vart den suverent mest populære av dei tre.

Mariinskkanal-systemet[endre | endre wikiteksten]

Mariinskkanal-systemet var eit storslått monument over vassbyggjeteknikken på 1800-talet, og det viste seg å vere av vital tyding for økonomien i nasjonen. Kanalsystemet starta på Volga-sida ved Rybinsk og gjekk derifrå opp elva Sjeksna, over Belojesjøen, opp elva Kovzja, gjennom den kunstige Mariinsk-kanalen (seinare Novomariinsk) som kryssa vasskiljet mellom Volga og Onega, og til slutt ned elva Vytegraelva til Onegasjøen. Derifrå segla fartøya via Svir, Ladoga, og Neva ned til Finskebukta.

I 1829 vart Nord-Dvina-kanalen opna, som via Kubenskojesjøen batt kanalsystemet saman med Nord-Dvina og Kvitsjøen. I dei påfølgjande tiåra vart systemet utvida med endå tre kanalar – Belozerskij, Onezjskij, Novoladozjskij. Desse kanalane leidde båtane rundt dei store og stormfulle sjøane i systemet. Dei vart innvigde mot slutten av hundreåret.

Via Onega har vassvegen også samband til Kvitsjøkanalen som vart bygt på 1930-talet av gulagfangar, til ein enorm kostnad i menneskeliv.

Mariinskkanal-systemet var heile tida under betring i sovjettida, og to sluser vart bygde på elva Svir (i 1936 og 1952), og 3 sluser vart bygde i Sjeksna-elva. Men trass i betringane vart det klart at systemet ikkje lenger var i stand til å tilfredsstille transportbehovet i landet, og at noko måtte gjerast.

Ombygging 1960–1964[endre | endre wikiteksten]

Mellom 1960 og 1964 vart det difor gjort ei større ombygging og utviding av kanalsystemet, og kanalen vart etter ombygginga var fullført omdøypt til Volga–Austersjøkanalen. Den nye Volga–Austersjøkanalen vart opna 5. juni 1964. 39 gamle tresluser vart erstatta av 7 nye sluser, og ei parallellsluse vart seinare bygt i 1995. Det vart også bygt ei demning over Sjeksna nær Tsjerepovets, noko som auka djupna på vassvegen heilt opp til Kovzja-elva og gjorde bruk av større fartøy mogleg.

Maksimaldimensjonane på dei nye slusene er 210 m lengd, 17,6 m breidd og 4,2 m djupn, noko som tillèt skip opp til 5000 tonn å trafikkere kanalen. Slike skip kunne segle direkte over dei store sjøane Ladoga og Onega, noko som var for farleg for mindre båtar, som måtte ta omvegen via kanalane som leidde rundt sjøane. Typisk reisetid for ruta TsjerepovetsSt. Petersburg gjekk ned frå 10–15 dagar til 2,5–3 dagar.

Den nye kanaltraséen følgjer nokre stader traséen til det gamle Mariinsk-systemet, medan han andre stader ikkje følgjer same trasé. Seks av dei åtte slusene i kanalen ligg langs 35 km av nordhellinga mot Onega, med ei samla løftehøgd på 80 meter. På sørsida er det berre to (parallelle) sluser, med løftehøgd på 13 meter, som ligg nær byen Sjeksna ved Sjeksna-elva, 50 km oppstraums frå Tsjerepovets. Kanaltraséen på nordsida følgjer det oppdemde elveleiet til Vytegraelva. Toppnivået i kanalen, mellom Pakhomovo-slusene på Vytegraelva og demninga til Sjeksna-reservoaret er 278 km langt. Det omfattar ein 40 km lang kunstig kanal, elva Kovzja, Belojesjøen og elva Sjeksna. Traséen på sørsida følgjer Sjeksna-elva ned til Rybinsk-reservoaret.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]