Volgograd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Volgograd
Волгогра́д
Togstasjonen i Volgograd
Togstasjonen i Volgograd
Flagget til Volgograd Byvåpenet til Volgograd
Flagget til Volgograd Byvåpenet til Volgograd


Plassering
Volgograd is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Volgograd oblast
Grunnlagd 1589
Borgarmeister Roman Grebennikov
Geografi
Flatevidd
 - By

565 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

986 400
  1 745,8 /km²
Koordinatar 48°42′″N 44°29′″EKoordinatar: 48°42′″N 44°29′″E
Høgd over havet 80 moh
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 400000–400138
Retningsnummer (tlf) (+7)8442
Bilnummer 34
Nettstad: www.volgadmin.ru

Volgograd (russisk Волгогра́д), tidlegare kalla Tsaritsyn (Цари́цын) (1598–1925) og Stalingrad (Сталингра́д, 1925–1961), er ein by på vestbreidda av elva Volga. Byen ligg sørvest i Volgograd oblast, der han er hovudstad, i Russland og har like under 1 million innbyggjarar (2007). Volgograd er kjend for slaget om Stalingrad under den andre verdskrigen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Volgograd vart grunnlagd i 1589 som festninga Tsaritsyn, der elvane Tsaritsa og Volga renn saman. Festninga, som fekk namn frå Sary Su («Gult vatn/Gul elv» på tatarsk) vart grunnlagd for å forsvare den ustabile sørlege grensa i Tsardømet Russland, og vart eit handelssenter. Han vart to gonger erobra av opprørske kosakkar under Stenka Razin i eit opprør i 1680 og av Jemeljan Pugatsjov i 1774. Tsaritsyn vart ei viktig elvehamn og eit handelssenter på 1800-talet.

Byen var åstad for kraftige kampar under den russiske borgarkrigen. Bolsjevikane okkupoerte byen i 1918, men vart angripe av Den kvite arméen under Anton Ivanovitsj Denikin. Under slaget om Tsaritsyn vart bolsjevikane pressa tilbake og overgav seg først. Berre handlingane til Josef Stalin, så ein lokal formann i eit militærutval, klarte å ta byen for bolsjevikane. Dette klarte han ved å kalle tilbake Zjloba sin Ståldivisjon frå Kaukasus, som gjekk til åtak på Den kvite arméen frå baksida. Til ære for Stalin vart byen derfor kalla Stalingrad (tyder «Stalinbyen») i 1925. Denne namneendringa etter bolsjevikleiarar var typisk for mange byar i Russland.

Under Stalin vart byen kraftig industrialisert og utvikla til eit senter for tungindustri og trafikknutepunkt mellom transport med jernbane og elvetransport. Under den andre verdskrigen vart byen åstad for slaget om Stalingrad, som var eit av dei store vendepunkta i krigen mot Tyskland. Slaget varte frå 21. august 1942 til 2. februar 1943. 1,7 million til 2 millionar akse- og sovjetiske soldatar vart anten drepen, skadde eller tekne til fange. I tillegg var 40 000 sivile drepne. Byen vart lagt i grus under dei harde kampane og gjenoppbygginga starta så snart tyskarane var driven bort frå byen.

For heltedådane byen viste under slaget fekk Stalingrad tittelen Helteby i 1945 og kong George VI av Storbritannia gav innbyggjarane av Stalingrad eit juvelbesatt sverd for motet dei hadde synt. Eit stort minnesmerke vart reist på Mamajev Kurgan, ein ås der nokre av dei hardaste kampane stod under slaget. Fleire byar rundt om i verda, særleg dei som hadde vorte hardt råka under krigen, vart venskapsby-band til Stalingrad, mellom anna til den engelske byen Coventry.

Panoramamuseumet, som ligg langs Volga, har av mange gjenstandar frå krigen. Mellom anna har museet eit panoramamåleri av slagmarka frå staden der monumentet Mamajev Kurgan står. Her er òg rifla til den kjende snikskyttaren Vasilij Zajtsev.

I 1961 endra byen namn til Volgograd som eit ledd av destaliniseringa til Nikita Khrusjtsjov. Dette var og er framleis noko omstridd med tanke på kor kjend namnet Stalingrad vart. Det var planar i 1985 under Konstantin Tsjerenko om å gå tilbake til namnet Stalingrad, noko det framleis er støtte for hos dei lokale innbyggjarane i dag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Volgograd