Volodymyrskatedralen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fronten på Volodymyrskatedralen

Volodymyrskatedralen (ukrainsk:Патріарший кафедральний собор св. Володимира, russisk:Кафедральный собор Святого Владимира, Владимирский собор) er ein katedral i Kiev i Ukraina. Han er eit av landemerka i byen og hovudkyrkje for den Ukrainsk-ortodokse kyrkja - Kievpatriarkatet, eit av dei to store kyrkjesamfunna i Ukraina.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1852 føreslo metropolitten Filaret av Moskva at det i Kiev skulle byggjast ein stor katedral til 900-årsminnet for døypinga av kiev-russarane, utført av fyrsten Vladimir (Volodymyr) den store av Kiev (St. Vladimir). Folk frå heile det russiske imperiet byrja donere til formålet, og i 1859 hadde katedralsfondet samla 100 000 russiske rublar.

Reisinga av katedralen tok til i 1859. Kiev Petsjersk Lavra (Grotteklosteret) laga ein million mursteinar og gav dei til bygginga av katedralen. Arkitekturen vart utført i neobysantinsk stil, etter utkast frå arkitektane I. Schtrom, P. Sparro, R. Bemhardt, K. Majevskij og V. Nikolajev. Arkitektteikningane som til sist vart nytta kom frå Aleksandr Beretti sitt teiknebrett. Kyrkja er eit tradisjonelt forma tempel med seks pilar, tre apsis som vert krona av sju kuplar. Høgda til krossen på største domen er 49 meter.

Interiør i Volodymyrskatedralen

Mosaikkane i katedralen vart laga av meistrar frå Venezia. Freskene vart skapt under rettleiing frå professor A. Prakhov, og utførd av ei gruppe berømte målarar: S. Kostenko, V. Kotarbinskij, Mikhail Nesterov, Mykola Pymonenko, P. Svedomskij, Viktor Vasnjetsov, Mikhail Vrubel, V. Zamirajlo og andre.

Inngangsdøra er pryda med bronserelieff av St. Olga og St. Vladimir mot ein blå bakgrunn. Ikonostasen er hoggen i kvit marmor henta frå Carrara. Katedralen vart fullførd i 1882, men måleriarbeidet vart ikkje avslutta før enn i 1896.

Under sovjettida vart katedralen stengd. Fram til 2. verdskrigen var han museum for religion og ateisme. Etter verdskrigen vart katedralen gjenopna. Han vart då hovudkyrkje i Kiev for den ukrainske greina av den ortodokse kyrkja. Katedralen var ein få stader i Sovjetunionen der turistar ope kunne vitje ei ortodoks kyrkje i drift.

Etter oppløysinga av Sovjetunionen kom det til strid om eigarskapen over Volodymyrskatedralen, mellom dei to store ortodokse kyrkjesamfunna i Ukraina. Dei to trusretningane, høvesvis Ukrainisk-ortodoks kyrkje, ei kyrkje med ein autonom status under Moskvapatriarkatet, og den nyleg etablerte Ukrainisk-ortodoks kyrkje - Kievpatriarkatet, hevda begge å representere den ortodokse kristenlyden. Striden enda med at Ukrainisk-ortodoks kyrkje - Kievpatriarkatet til sist fekk hand om katedralen.

Verk av Viktor Vasnjetsov i katedralen[endre | endre wikiteksten]