Vologda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vologda
Вологда
Kreml i Vologda
Kreml i Vologda
Byvåpenet til Vologda
Byvåpenet til Vologda


Plassering
Vologda is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Vologda oblast
Grunnlagd
Bystatus
1147
1147
Borgarmeister Valenin Gorobzov
Geografi
Flatevidd
 - By

116 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

293 675
  2 531,7 /km²
Koordinatar 59°13′0″N 39°54′0″EKoordinatar: 59°13′0″N 39°54′0″E
Høgd over havet 120 moh
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 160000-160035
Retningsnummer (tlf) (+7) 8172
Nettstad: www.vologda-city.ru

Vologda (russisk Во́логда) er ein by i den europeiske delen av Russland.

Byen er administrativt senter i Vologda oblast. I 2007 hadde han om lag 290 000 innbyggjarar. Vologda har fått namn frå elva Vologda, truleg av finsk-ugrisk opphav, som renn gjennom byen.

Vologda er ein viktig industriby og jernbaneknutepunkt. I byen vert det mellom anna produsert jernbaneutstyr, jordbruksmaskinar, tekstilar, glas og sement. Vologda er òg kjent for sine ostar og smør.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sofiakatedralen i Vologda

Vologda vart først nemnt i Novgorod-krønikene frå 1147, då Sankt Gerasim fann at det alt var ei kyrkja og ein landsby på staden, som var omgjeve av ugjennomtrengelege skogar. Staden var bueatt av novgorodarar som drog skip frå ei av sideelvane til Volga over til ei sideelv av Nordre Dvina og slik gjorde det mogeleg å segle frå Kvitsjøen til Kaspihavet. I 1273 vart byen plyndra av eit mongolsk raid.

Det var ikkje før i 1412, då området vart avstått av republikken Novgorod til Storfyrstadømet Moskva, at byen vart noko viktigare. Fyrstane av Moskva gjorde Vologda til ein utpost mot nord og ved slutten av hundreåret hadde Vologda overskugga det gamle sentrumet i regionen, Belozersk. Byen vart kommersielt viktigare då det engelske Muscovy Company starta verksemda si i Russland.

Det var på denne tida at Ivan den grufulle gav ordre om at katedralen i byen skulle byggast på nytt i stein. St. Sofia-katedralen i Vologda vart innvigd i 1570 og var på den tida ein av dei største katedralane som var bygt i Russland. Dei praktfulle freskene vart måla i 1686–1688 av Dmitrij Plekhanov frå Jaroslavl. Eit høgreist åttekanta klokketårn vart bygt i 1654–1659 og gjort høgare på 1800-talet.

Berre to kilometer frå det historiske sentrumet i Vologda står Spaso-Prilutskijklosteret, grunnlagt i 1371 av ein av Sergij Radonezjskij sine disiplar. Med Dmitrij Donskoj som vernar utvikla klosteret seg raskt til den største landeigaren i området. Den femkupla katedralen i klosteret vart reist i 1537–1542. Under sovjettida vart munkane forvist og klosteret omgjort til eit museum. Nokre merkverdige døme på tidleg trearkitektur vart frakta hit frå fjerne landsbyar i Vologda-regionen.

Spaso-Prilutskijklosteret tidleg på 1800-talet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vologda

Kjelder[endre | endre wikiteksten]