Volokolamsk

Koordinatar: 56°02′N 35°57′E / 56.033°N 35.950°E / 56.033; 35.950
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Volokolamsk
Волоколамск
Horisonten til
Horisonten til
Flagget til Volokolamsk Byåpenet til Volokolamsk
Flagget til Volokolamsk Byvåpenet til Volokolamsk


Plassering
Volokolamsk is located in Russland
Volokolamsk is located in Moskva oblast
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Moskva oblast
Grunnlagd 1135
Geografi
Flatevidd
 - By

10 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

24 028
  2 402,8 /km²
Koordinatar 56°02′N 35°57′E / 56.033°N 35.950°E / 56.033; 35.950
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) +7 49636

Volokolamsk (russisk Волокола́мск) er ein by i Moskva oblast i Russland med om lag 25 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Gorodenka, ikkje langt frå samløpet med Lama, 129 km nordvest for Moskva.

Volokolamsk vart først nemnt i Voskresensk-krønika i 1135. Byen vart bygt av handelsmenn frå Novgorod ved eit fem kilometer langt volok (russisk волок, ein stad der båtar vert dradd over land mellom to elvar, på ein vassveg frå Novgorod til Moskva og Rjazan. Frå her kjem òg namnet Volokolamsk (Volok ved Lama = Volokolamsk). Byen vart verande den sørlegaste enklaven til Republikken Novgorod til 1398.

Volokolamsk sitt kreml, med den nye og den gamle katedralen i bakgrunnen.
Volokolamsk

I 1178 vart Volokolamsk brend av Vsevolod, som la byen under Vladimir-Suzdal. Son hans Jaroslav II førte han tilbake til Novgorod i 1231. Etter den mongolske invasjonen av Russland vart byen delt i to, ein til Novgorod og den andre til storhertugen av Vladimir. Fyrstedømet Tver prøvde å ta byen i 1273, men klarte det ikkje.

Ivan Kalita gav sin del av byen til bojaren Rodion Nestorovitsj, som straks tok frå Novgorod den andre delen. I 1345 gav Simeon den stolte Volkolamsk til svigerfar sin, ein av fyrstane av Smolensk. Medan byen var under Smolensk motstod han ei tre månader lang omleiring av Algirdas i 1371. Vladimir den modige sigra over Tokhtamysj nær Volokolamsk i 1383. Like etter hamna byen igjen under Novgorod.

I 1398 innlemma Vasilij I til slutt Volokolamsk i Storfyrstedømet Moskva. Etter å ha mista Hansehandelen og sambandet til Novgorod gjekk byen tilbake og vart ikkje nemnt i skriftlege kjelder det neste halve hundreåret. Det var i 1462, då Volokolamsk vart gjeve av Ivan III til den yngre bror hans, at byen vart sete for eit fullskala apanasje-fyrstedøme. Den første fyrsten fekk bygd den einkupla Gjenoppstandelseskatedralen i kalkstein, som enno står. Ein annan av fyrstane, Andrej Volotskij bygde den tre-kupla katedralen i Vjazmistsjiklosteret (1535) som det viktigaste monumentet frå sitt styre.

I 1613 motstod Volokolamsk ei omleiring frå Sigismund III Vasa, ei hending som førte til at festningsverka i byen vart representert på byvåpenet. Innan den tid var Volokolamsk hovudsakleg knytt til Josef-Volokolamskklosteret, som ligg 17 km nordaust for byen.

Under den andre verdskrigen fann fleire kraftige kampar mellom dei tyske og sovjetiske styrkane nær Volokolamsk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.