Volsdalen kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Volsdalen kyrkje
kyrkje
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Møre
Prosti Nordre Sunnmøre
Sokn Volsdalen
Fellesråd Ålesund
Stad Ålesund
Arkitekt Leif Olav Moen
Material tre
Innvigd 1974
Stopul frittståande
Klokker 2, Olsen Nauen, 1974
Kyrkjegard nei
Preikestol Bjørn Siem (1974), i tre
Døypefont Leif Olav Moen (1974), i altaskifer
Altartavle Frans Widerberg (1974)
Orgel 2: Vestre orgelfabrikk og Marcussen & søn
Sitjeplassar 500
Diverse glasmåleri av Frans Widerberg (1974)
Kart
Volsdalen kyrkje
62°28′17″N 6°11′19″E / 62.47141°N 6.188508°E / 62.47141; 6.188508
Wikimedia Commons: Volsdalen kirke
Altarveggen med glasmåleri av Frans Widerberg

Volsdalen kyrkje er ei kyrkje med vifteplan i Ålesund kommune i Møre og Romsdal. Kyrkja er tilnærma naustforma og oppført i tre. Taket er tekka med skifer.

Frans Widerberg har laga altartavle (motiv: Jesu inntog i Jerusalem) og glasmåleri til kyrkja. Glasmåleria står som ei søyle frå golv til tak bak altaret. Preikestolen i tre vart laga av Bjørn Siem, og døypefonten vart teikna av arkitekten.

Kyrkja har to orgel: eit pipeorgel med 25 registre bygd av Vestre orgelfabrikk (1976) og eit orgelpositiv med 4 registre bygd av Marcussen & Søn (1983).[1]

Det er ikkje kyrkjegard attmed kyrkja.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Rasmussen (1993), s. 292.