Volsungesoga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Volsungesoga, òg kalla Soga om volsungane, det vil seie soga om Volsungeætta (den ætta som den mytiske Sigurd Fåvnesbane høyrde til), er ei norrøn soge, nedskrive truleg på 1200-talet, som skildrar lagnaden til dei to høvdingeættene Volsungane og Gjukungane og korleis dei vart endeleg utletta i ei slektsfeide mellom dei, kjenneteikna av svik, normbrot på grunn av seksuell attrå og kjærleik og freistnader på å sikre seg ein gullskatt. Attom det heile, og pådrivarar i utviklinga står dei heidne gudane Odin, Høne og Loke, med guden Odin i brodden.

Soga byggjer på gamalt segn- og mytestoff, som til dels òg er kjend frå det gamle tyske Nibelungenlied (songen om Nivlungane), og nokre av personane meinast å ha førebiletet i historisk kjende personar. Men dei fleste er segnfigurar, guddommar og kvinnelege makter med førebiletet i den føkristne nordiske mytologien. Ettersom mange av hendingane dessutan er meir eller mindre lett attkjenneleg motiv i tidlegkristen biletkunst, er det mykje som taler for at denne bloddryppande soga om svik og mord er meint å fungere som ein kristen reiskap i arbeidet med å overvinne heidendomen og heiden samfunnsstruktur.

Den såkalla heltediktinga i Den eldre Edda skildrar mykje av det same som Volsungesoga, men ikkje på det fullstendige og samanhangande viset som Volsungesoga gjer.

Omsetjing til moderne norsk[endre | endre wikiteksten]

  • Soga om volsungane, omsett av Magnus Rindal. Oslo 1974: Det Norske Samlaget. ISBN 82-521-0300-6

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]