Volt-ampere reaktiv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Volt-ampère reaktiv, «var» (skriven i minusklar) er eininga som vert nytta for reaktiv effekt. Dimensjonen svarar til watt, men det er ofte ynskjeleg å skilje han frå den aktive effekten som vert gjeven i watt. Tilsvarande vert voltampere eller VA nytta om tilsynelatande effekt.

Omgrepet kjem frå fransk Volt-Ampère-réactif, og vart føreslått av den rumenske elektroingeniøren Constantin Budeanu på byrjinga av 1930-talet, og deretter fastlagt av International Electrotechnical Commission (IEC).[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]