Volturno

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Volturnus)
Volturno
elv
Land  Italia
Nedslagsfelt 5 550 km²
Lengd 175 km
Middelvassføring 82,1 /s
Kjelde nær Rocchetta a Volturno
 - høgd om lag 500 moh.
Munning Tyrrenhavet
Kart
Volturno
41°05′30″N 14°03′24″E / 41.091666666667°N 14.056666666667°E / 41.091666666667; 14.056666666667
Wikimedia Commons: Volturno

Volturno (i antikken Volturnus, frå volvere, «å rulle») er ei elv i sørlege og sentrale delar av Italia.

Elva spring ut frå Appenninane sentralt i Abruzzi, i Samnium nær Rocchetta a Volturno (provinsen Isernia i Molise) og renn søraustover til ho møter Calore nær Caiazzo og renn så sørover til Venafro, før ho snur sørvestover. Etter Capua munnar ho ut i Tyrrenhavet i Castel Volturno, nordvest for Napoli. Elva er 175 km lang.

Etter om lag 120 km mottar ho Calore, om lag 8 km aust for Caiazzo. Elva renn no sørvestover forbi Capua, der Via Appia kryssa elva over ei bru. Ho renn så ut på Campaniasletta og svingar seg ned mot sjøen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Elva har alltid vore strategisk viktig og kolonien Volturnum (som truleg erstatta ein eldre etruskisk koloni) vart grunnlagd av romarane i 194 f.Kr. ved munningen på sørsida. Byen ligg i dag om lag 1,5 km inne i landet på grunn av avleiringar i elva. Augustus oppretta ein koloni for krigsveteranar her. Via Domitiana frå Sinuessa til Puteoli kryssa elva på denne staden og ruinar av brua er framleis synleg. Elva var frakommeleg heilt til Capua.

I 554 slo den austromerske generalen Narses ein frankisk-almannisk hær ved elva under eit slag under den gotiske krigen.

Etter revolusjonsstyrkane til Giuseppe Garibaldi i 1860 invaderte Sør-Itala, flykta Frans II av Begge Siciliar frå Napoli og forskansa seg ved sørbeidda av Volturno, nær San Maria di Capua Vetere. Piemontesiske troppar i lag med troppane til Garibaldi møtte den napolitanske styrken under eit slag 1. og 2. oktober, noko som førte til Capua sitt fall.

Volturno gav òg namn til Volturnolinja, ei tysk forsvarslinje i Italia under den andre verdskrigen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]