Bolinder-Munktell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Volvo BM)
BM 10 (1947-1953).

AB Bolinder-Munktell (ofte forkorta BM) er ein tidlegare svensk traktor- og maskinprodusent som vart grunnlagt i 1932 i Eskilstuna, ved at Munktells Mekaniska Verkstad gjekk saman med J & C G Bolinders Mekaniska Verkstad. Føretaket er vidareført i det noverande føretaket Volvo Construction Equipment.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Depresjonen i slutten av 20-åra og starten av 30-åra førte til at Munktells Mekaniska Verkstads AB fekk økonomiske problem. Gøteborgfirmaet J & C G Bolinders Mekaniska Verkstads AB, som var kjent for sine svært driftssikre glødehovudmotorar, var heller ikkje urørt av depresjonen. Etter initiativ frå Handelsbanken vart det til at motoravdelinga ved Bolinders vart lagt saman med Munktells Mekaniska Verkstads. Det nye firmaet fekk namnet AB Bolinder-Munktell og vart liggande i Eskilstuna[1].

I 1950 vart Bolinder-Munktell kjøpt opp av Volvo og vart eit dotterselskap under Volvo. Volvo heldt fram med å nytta dei to merkenamna Bolinder Munktell og Volvo utover 50-talet, men mot slutten av 50-talet gjekk dei over til merkenamnet BM Volvo for alle produkta. I 1973 vart namnet endra til Volvo BM AB.

I 1979 starta Volvo BM og det finske firmaet Valmet OY eit samarbeid innan traktorproduksjon og stifta firmaet Scantrac AB i Eskilstuna[1]. Det vart utvikla nye traktormodellar, som vart selde under namnet Volvo BM Valmet. I 1986 kjøpte Valmet alle Volvo sine aksjar i Scantrac og Volvo AB heldt opp med traktorproduksjon, for å konsentrerte seg om produksjon av anleggsmaskinar.

I 1985 gjekk Volvo BM AB inn i eit samarbeid med Clark Equipment Company og namnet vart endra til VME Group. Dei to firmaa Michigan og Euclid var tidlegare overtekne av Clark, som hadde halde fram med å nytta merkenamna. I 1995 tok Volvo over heile dette selskapet og endra namnet til Volvo Construction Equipment.

Produkt[endre | endre wikiteksten]

Traktorar[endre | endre wikiteksten]

BM 21 (1951- 1952).
BM 470 I Bison. Denne traktoren er utstilt på Norsk traktor og motormuseum.
Volvo BM 700 (1976-1982)

Bolindeer-Munktell er best kjent for traktorane sine, som heilt til fyrst på 50-talet hadde tosylindra glødehovudmotorar (semidieselmotorar) som gjekk på råolje[1]. Dette var totaktsmotorar, med ein noko spesiell lyd. Desse motorane kunne starta i feil rotasjonsretning om dei vart kvalde i ein motbakke, noko som ikkje var heilt ufarleg.

Under andre verdskrig vart det produsert traktorar som gjekk på knott, ved hjelp av ein vedgassgenerator. I byrjinga fanst det ikkje teknologi for å køyra glødehovudmotorar på vedgassgenerator, så i perioden 1941–1942 vart det nytta ein firesylindra forgassarmotor frå Volvo. BM utvikla så eit ombyggingssett for råoljemotorane sine, slik at dei kunne bli køyrt på vedgass. Vedgassgeneratorane vart leverte av Hesselman.

Under krigen innleia BM eit samarbeide om traktorproduksjon med Volvo i Gøteborg[1]. Begge føretaka leverte traktorar, som med unnatak av motorane var så godt som like. BM produserte sine eigne traktorar, med sine eigne råoljemotorar. I tillegg leverte dei traktorar utan motorar til Volvo, som sette inn sine eigne bensin-/parafin-motorar. Dei to firmaa hadde separate salsorganisasjonar; traktorane til BM var grøne og dei til Volvo raude. Kundane velde i røynda mellom råolje- og bensin-/parafin-drift.

Tidleg på 50-talet var det klart at glødehovudmotorarne hadde utspela rolla si. Bolinder-Munktell utvikla difor ein serie med moderne direkteinnsprøyta dieselmotorar, som dei nytta både for traktorar og andre maskiner. Motorane hadde same sylinderdiameter og slaglengd, men ulikt antal sylindrar. Den fyrste traktoren med dieselmotor, BM 35/36, kom i 1952. BM 35/36 hadde ein tresylindra dieselmotor på 40 hk. I 1953 vart den etterfylgd av BM 55, med firesylindra dieselmotor på 52 hk og i 1955 kom BM 230 Viktor, med tosylindra dieselmotor på 31 hk. I 1959 kom Bolinder-Munktell med BM 350 Boxer, som var ein svært moderne traktor på denne tida. I tillegg til landbruksversjonen vart BM 350 òg nytta som basis for Bolinder-Munktell sine skogs- og anleggsmaskiner. BM 350 Boxer var difor med på å leggja grunnlaget for den seinare suksessen med dei gule anleggsmaskinene.

Skurtreskjarar[endre | endre wikiteksten]

Skurtreskar frå 1947.

Bolinder-Munktell starta produksjon av slepetreskjarar i 1941 [1]. Den fyrste modellen, MST-1, hadde ei skjærebredde på 1,5 m, noko som viste seg å vera i meste laget for traktorane som då var i bruk. Dette skal ha vore ein av dei aller fyrste europeiske skurtreskjarane. Utover 40- og 50-talet kom det fleire nye modellar. Produksjonen av slepetreskjarar helt fram til fyrst på 60-talet. I 1951 starta føretaket produksjon av sjølvgåande skurtreskjarar, noko dei heldt fram med heilt til 1982.

Skogsmaskinar[endre | endre wikiteksten]

BM 230 Bamse.

Sist på 40-talet og i større grad utover 50-talet tok mange til å nytta traktor i skogbruket. I byrjinga var utstyret svært enkelt, men etter kvart tok ymse firma til å utvikla halvbelte, vinsjar, tømmertilhengarar, kraner, osb. Ein av pionerane på dette området var Östbergs Smidesfabrik Alfta, som ofte nytta BM-traktorar som basis for skogstraktorane sine. ÖSA og Bolinder-Munktell utvikla saman beltetraktoren BMB 230 Bamse, med BM 230 Victor som grunn. Bamse vart godt motteken og vart produsert frå 1957 til 1962. Samarbeidet mellom ÖSA og Bolinder-Munktell resulterte i mange ulike skogsmaskiner, som til dømes dei lastetraktorane SM-360, 660, 661 «Stor-Nalle», som 3/4-belter på framdelen[2]. Ein annan klassikar, bygd på BM 350, var SM 667 «Timmer Kalle». Produksjon av skogsmaskiner vart lagt ned 1977, for å satsa på produksjon av anleggsmaskiner.

Anleggsmaskinar[endre | endre wikiteksten]

BM Volvo DR 631 Gruskalle dumper og Volvo-BM LM 640 lastemaskin.

Det var ikkje Bolinder-Munktell sjølve som la grunnen for den seinare så viktige produksjonen av anleggsmaskiner, med andre uavhengige føretak. Det var til dømes Bröderna Lundberg som utvikla den fyrste baklastaren, H-10, basert på ein BM-traktor[1]. Opphavet til dumperproduksjonen starta med Livab, som byrja med å utvikla anleggstilhengarar[3]. Bolinder-Munktell samarbeidde i mange år med desse, men etter kvart utvikla dei eigne produkt. Klassiske produkt frå den tidlege perioden er dumperen «Grus Kalle» og baklastaren LM 218, som begge var tufta på BM 350.

Utover 60- og 70-talet auka inntenktane frå anleggsmaskinproduksjonen i høve til traktor- og skogsmaskinproduksjonen. Frå slutten av 70-talet bestemte Volvo BM seg difor for å konsentrera seg om produksjonen av anleggsmaskiner.

Beltevogner[endre | endre wikiteksten]

BM Volvo BV 202 beltevogn

I perioden 1964–1981 produserte Bolinder Munktell rundt 5000 rammestyrte beltevogner av typen BV202. Desse vart nytta av militæret i Sverige, Noreg, Nederland, Storbritannia og Canada.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Hedell, O., Från Munktells till Valtra - en 75-årig traktorepok, LRF Media, 2000.
  2. Östberg, M., En smedjas förvandling - ÖSAs historia, FMG ÖSA AB, 1990.
  3. Nilsson, A., Livabvagnar och volvodumprar, Allan Nilsson og Volva Articulated Haulers AB, 2006.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]