Volvo L-3314

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Volvo L-3314N, produsert ein gong mellom 1962 og 1968

Volvo Laplander L-3314, au kalla Volvo Felt i Noreg og Volvo Valp i Sverige er ein serie terrengåande bilar frå Volvo. Dei blei utvikla på 1950-talet, med N.M. Hartelius som prosjektleiar.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Prøveserien heitte L-2304, og hadde Volvo B16-motor, M41 girkasse, akslingar frå Salisbury i Storbritannia og fordelingsgirkasse frå Willys. Bilen var frambygd, dvs. føraren sitt foran/over framakslingen/motoren. Bilen var spesialdesigna til det svenske forsvaret.

Produksjonsmodellen heitte L-3314, og hadde til forskjell frå forserien B-18-motor, fordelingsgirkasse kopiert av Willys, men produsert av ZF (ZF VG 50), DANA-akslingar lisensprodusert av Salisbury der bakakslingen blei levert med differensialbrems og andre forbetringar. Denne blei au bruka av det norske forsvaret med nokre endringar (til dømes nedfellbar frontrute og 24 V elsystem) under modellnamnet L-3314N. Andre utgåver var Volvo L-3314 HT med stålkarosseri og vinsj, L-3304 kanonvogn som var normalbygd og L-3315 radiovogn. Bilane blei produsert på 60-talet.

Nokre sivile L-3314 blei produsert, hovudsakleg til statlege etatar i Norden (energiverk og liknande). Til dømes hadde Universitetet i Oslo ein L-3314 HT.

Volvo C303 er ei vidareutvikling av L-3314. Volvo selde pressverktøyet til L-3314 til det ungarske firmaet Hungarocamion som lisensproduserte ein sivil versjon av L3314 som blei kalla Volvo C202. Den fekk ein oppgradering med B-20-motor, men differensialbremsen i bakakselen blei tatt ut. Dette saman med nokre andre endringar til det verre gjorde at C202 aldri blei noko suksess.

I Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Det norske forsvaret var beteikninga «Vogn, felt, 1/2 tonn, 4x4, Volvo, modell L3314N», men fekk raskt klengenamnet «Volvo Felt». I Sverige fekk bilen derimot klengenamnet «Volvo Valp».

Den norske utgåva blei sett saman av Raufoss Ammunisjonsfabrikk. 2273 eksemplar blei montert der. Den norske versjonen hadde NATO-krav å oppfylle, noko som gjorde at han fekk 24-volts elektrisk system, radiostøydemping på tenningssystemet og nedfellbar frontrute. Norske underleverandørar produserte delar til L-3314N, mellom anna var kapellet norskbygd og dekka produsert av Askim gummivarefabrikk. To typar dekk blei bruka, Viking Knobby (A/T-mønster) og Viking Hardhaus (terrengmønster).

Han overtok for både feltvogner (Willys- og Ford-jeepar) og lette lastevogner (Dodge WC52 «kvarting»), mellom anna som feltvogn, ambulanse og sambandsberar. L-3314N blei igjen til ein viss grad erstatta av Land Rover Serie III og seinare heilt av Mercedes-Benz Geländewagen.

Med svært store hjul, trekkvillig motor, god vektfordeling og differensialbrems i bakakslingen blei L-3314N den feltvogna med best framkommelegheit forsvaret har hatt.

Data[endre | endre wikiteksten]

1981-modell Volvo C202

Motor[endre | endre wikiteksten]

Kraftoverføring[endre | endre wikiteksten]

  • Girkasse: Volvo M 41 (utan overgir som M41 blei levert med på personbilar)
  • Fordelingsgirkasse: ZF VG 50
  • Framaksling: Salisbury 4 HA
  • Bakaksling: Salisbury 4 HA m/POWR-LOK differensialbrems

Hjul[endre | endre wikiteksten]

  • Felgar: 6,50"-16"
  • Dekk: 8,90"-16"

Produksjonstal[endre | endre wikiteksten]

  • Ca. 9000

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]