Volvo XC60

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Volvo XC60.

Volvo XC60 er ein mini-SUV lansert i byrjinga av 2009, då slike bilar var særs populere på bilmarknaden. Som resten av bilane til Volvo er XC60 ein utprega luksusbil, med bruk av eksklusive materialar og framifrå teknologi. Den særprega skandinaviske designet er tydeleg gjennom heile bilen, ikkje minst den «svevande konsollen» som Volvo er vorten kjent for sidan dei lanserte konseptet.

Sikkerheit[endre | endre wikiteksten]

Sikkerheit er klart ei av Volvo sine sterkaste prioriteringar[treng kjelde]. Gjennom avansert teknologi og sterke karosseri er Volvo eit av verdas sikraste bilmerke[treng kjelde], noko XC60 er eit godt døme på. Bilen er utstyrt med mykje avansert teknologi for å auka tryggleiken til førar og passasjer. Han har mellom anna nemne cruise control som avpassar avstanden til bilen framføre og bremsar automatisk ned dersom bilen framføre gjer det. Ei anna nyvinning er eit infraraudt kamera i sidespegelen som kontinuerleg kontrollerer blindsona[1][2]. Dersom der kjem ein anna bil inn i blindsona vil ei tydeleg lampe ljose opp.

Motor og drivverk[endre | endre wikiteksten]

Volvo XC60 får ein med to diesemotorar, begge med 2,4 liter slagvolum. Den eine (2,4 D) yter 163 hk og 340 Nm, medan den sterkaste (2,4 D5) er på 185 hk og 400 Nm.

I fleire testar har XC60 kome ut som vinnar over konkurrentar i same prisklasse, Audi Q5, BMW X3, Land Rover Freelander II og Mercedes Benz GLK [treng kjelde]. Som mange andre tunge bilar av denne typen har XC60 store CO2-utslepp, noko han har hausta krass kritikk for[treng kjelde]. Med begge motoralternativa ligg CO2-utsleppet på 199 g/km med manuell girkasse og 219 g/km med automatkasse[treng kjelde].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Siste nytt fra Volvo: Nye Volvo C30, Volvo Cars.
  2. Pettersen, S., Vi har kjørt Volvo XC60, Bilnorge.no, 28/01-2009.