Volzjskij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Volzjskij
Волжский
Flagget til Volzjskij Byvåpenet til Volzjskij
Flagget til Volzjskij Byvåpenet til Volzjskij


Plassering
Volzjskij is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Volgograd oblast
Grunnlagd
Bystatus
1951
1954
Borgarmeister Igor Woronin
Geografi
Flatevidd
 - By

150 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

307 300
  2 048,7 /km²
Koordinatar 48°47′0″N 44°46′0″EKoordinatar: 48°47′0″N 44°46′0″E
Høgd over havet 20 moh
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 404100–404133
Retningsnummer (tlf) (+7)8443
Nettstad: www.admvol.ru/

Volzjskij (russisk Во́лжский) er ein by i Volgograd oblast i Russland. Han ligg på austbreidda av elva Volga og forgreininga hennar Akhtuba, rundt 20 kilometer nordaust for Volgograd. Han hadde i 2007 like over 300 000 innbyggjarar.

Det var ingen folkesetnaden på staden til dagens by før på 1700-talet. Dei første nybyggjarane var flyktningar som kalla seg bezrodnje (russisk: безродные – «utan slekt») og landsbyen dei danna fekk namnet Bezrodnoje. I 1720 gav Peter den store ordre om å bygge ein statleg silkefabrikk på staden, etter at han hadde lagt merke til dei rike morbærskogane i området.

Busetnaden Volzjskij vart registrert i 1952 og han hadde då rundt 10 000 innbyggjarar. I 1954 fekk busetnaden bystatus. Den største auken i folketalet kom med bygginga av Volga vasskraftverk

Byen vart bygt av sivile fangar som vart løna med hus eller leilegheiter ved endt soning. Volzjskij vart planlagt med leilegheitsblokker som vart vinkla for å dempe dei varme sommarvindane frå steppene.

Industrien i byen består, utanom vasskraftverket Volga GES, av metallindustri og kjemisk industri.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]