Voodoo Lounge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Voodoo Lounge
Studioalbum av The Rolling Stones
Utgjeve 11. juli 1994
Innspelt September 1993,
3. november til
11. desember 1993,
14. januar til 23. april 1994
Sjanger Rock
Lengd 62:08
Selskap Virgin
Produsent Don Was og
The Glimmer Twins
Kritikk
The Rolling Stones-kronologi
Flashpoint
(1993)
Voodoo Lounge Stripped
(1995)

Voodoo Lounge er eit album av The Rolling Stones og kom ut i 1994. Det var det første albumet deira på plateselskapet Virgin Records, og det første på fem år etter Steel Wheels i 1989. Voodoo Lounge var òg det første Rolling Stones-albumet utan bassisten Bill Wyman, som slutta i bandet tidleg i 1993.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Etter soloalbuma til Keith Richards (Main Offender) og Mick Jagger (Wandering Spirit) i 1992 og 1993, slo dei seg saman og starta å skrive nye songar i april 1993. Dei valde å ta inn Don Was som medprodusent. I september øvde og spelte dei inn songar heime hos Ronnie Wood i Irland, og i november flytte dei til Windmill Lane Studios i Dublin, der innspelinga av Voodoo Lounge starta. Darryl Jones tok no Bill Wyman sin plass som den faste bassisten i bandet, men var ikkje eit offisielt medlem.

Etter ein innspelingsperioden i Los Angeles i starten av 1994 vart Voodoo Lounge gjort ferdig og The Rolling Stones starta førebuingane til ein ny, massiv verdsturné, som starta i august. «Love Is Strong» vart gjeven ut som den første singelen deira, og nådde 14. plass i Storbritannia. Singelen slo derimot ikkje an i USA, der han stoppa på 91. plass, den dårlegaste plasseringa for ein førstesingel av Rolling Stones i USA nokon gong. To andre singlar vart gjeven, «Out of Tears», som nådde 60. plass og «You Got Me Rocking», som berre gjekk opp til 113. plass. Voodoo Lounge vart dermed det første Rolling Stones-albumet som ikkje hadde store hittar i USA. I Storbritannia gjekk derimot både «Love Is Strong», «You Got Me Rocking», «Out Of Tears» og «I Go Wild» alle inn på Topp 40.

Voodoo Lounge kom ut i juli 1994 og fekk god kritikk. Det gjekk rett til topps på den britiske albumlista (den første førsteplassen deira i heimlandet sidan Emotional Rescue tidleg på 80-talet) og andreplassen i USA. I Noreg nådde albumet tredjeplass på VG-lista.

Produsent Don Was var kjend for å ein produksjonsstil basert på eldre rock, og gjorde sitt til at albumet hadde ein meir klassisk Rolling Stones-stil, enn den meir glattare produksjonen som hadde prega albuma deira på 80-talet. Resultatet vart eit album med blues, R&B og country som albuma deira frå seint på 60-talet og tidleg på 70-talet. Sjølv om både kritikarar og tilhengjarar tykte godt om resultatet, har Jagger seinare sagt seg misnøgd med estetikken til Was, og lagde eit meir variert album med Bridges to Babylon, det neste studioalbumet. Likevel har Was vorte nytta som produsent fram til i dag.

Tidleg i 1994, midt under Voodoo Lounge Tour, som først var ferdig i august, vann Voodoo Lounge Grammy Award for beste rockealbum. Sjølv om det ikkje vert rekna som like bra som dei klassiske Rolling Stones-albuma, vart Voodoo Lounge i større grad som eit comeback enn Steel Wheels vart utropt som då det kom ut.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Mick Jagger og Keith Richards. 

# Tittel Lengd
1. «Love Is Strong»   3:50
2. «You Got Me Rocking»   3:35
3. «Sparks Will Fly»   3:16
4. «The Worst»   2:24
5. «New Faces»   2:52
6. «Moon Is Up»   3:42
7. «Out of Tears»   5:27
8. «I Go Wild»   4:23
9. «Brand New Car»   4:15
10. «Sweethearts Together»   4:45
11. «Suck on the Jugular»   4:28
12. «Blinded by Rainbows»   4:33
13. «Baby Break It Down»   4:09
14. «Thru and Thru»   6:15
15. «Mean Disposition»   4:08

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Mick Jagger - vokal, korvokal, elektrisk gitar, munnspel, akustisk gitar, maracas, kastanjettar
  • Keith Richards - elektrisk gitar, korvokal, akustisk gitar, piano, bass, tamburin
  • Charlie Watts - trommer, tamburin
  • Ronnie Wood - elektrisk gitar, pedal steelgitar, slidegitar, korvokal, akustisk gitar, lap steelgitar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]