Vorkuta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vorkuta
Воркута
Horisonten til Vorkuta
Horisonten til Vorkuta
Byåpenet til Vorkuta
Byvåpenet til Vorkuta


Plassering
Vorkuta is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Republikken Komi
Grunnlagd
Bystatus
1931
1943
Borgarmeister Valeri Budovski
Geografi
Flatevidd
 - By

24 400 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

76 600
  3,1 /km²
Koordinatar 67°30′00″N 64°02′00″EKoordinatar: 67°30′00″N 64°02′00″E
Høgd over havet 180 moh.
Diverse annan informasjon
Postnummer 1699xx
Retningsnummer (tlf) (+7)82151
Nettstad: www.vorcuta.ru

Vorkuta (russisk Воркута́; komi Вӧркута, nenetsisk Варкута) er ein kolgruveby i republikken Komi i Russland med om lag 75 000 innbyggjarar (2007). Han ligg like nord for polarsirkelen i kolbekkenet til Petsjora.

Byen har opphav i ein av die mest frykta arbeidsleirane i Gulag, grunnlagd i 1931. Det var i Vorkuta (i 1937) at stalinistregimet på 1930-talet fullførte den fysiske likvideringa av den trotskistiske venstreopposisjonen.

Typisk bustadområde i Vorkuta, vinteren 2007

I 1941 vart byen og arbeidsleirsystemet rundt han knytt til resten av landet via ein fangebygt jernbane frå Konosja og Kotlas til leirane ved Inta. Vorkuta fekk bystatus 26. november 1943. Byen var det største senteret for Gulag-leirar i europeisk Russland og var administrativt senter for eit stort tal mindre leirar og underleirar, av dei Kotlas, Petsjora og Izjma (dagens Sosnogorsk). I 1953 var byen åstad for eit større opprør hos fangane i leirane, det såkalla Vorkutaopprøret. Som ved andre fangeleiropprør (som Kengiropprøret) vart det blodig slått ned av Den raude armeen og NKVD. Seinare, på 1950-talet, vart mange av Gulagleirane lagt ned. Det er derimot rapportert at enkelte leirar i Vorkutaområdet var i drift heilt inn på 1980-talet.

Etter tusenårsskiftet har mange av gruvene rundt byen vorte stengde på grunn av høge driftskostnadar. På slutten av 1980-talet og inn på 1990-talet var det streikar og aksjonar frå gruvearbeidarar som ikkje hadde fått løn på over eit år.[1]

Under den kalde krigen låg ein viktig base for strategiske bombefly like ved byen.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]