Vormsi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vormsi
Saxby fyr vest på Vormsi
Saxby fyr vest på Vormsi
Geografi
Stad Austersjøen
Koordinatar 59°00′N 23°13′E

Areal 92 km²

Administrasjon
Land Estland
Maakond Lääne maakond

Demografi
Folketal 350

Vormsi (svensk Ormsö) er den fjerde største øya i Estland. Øya ligg i Austersjøen, mellom Hiiumaa og halvøya Noarootsi på fastlandet. Vormsi har eit areal på 92 km² og om lag 350 innbyggjarar. Øya utgjer ein kommune i fylket Lääne maakond.

Før den andre verdskrigen var Vormsi eit av dei viktigaste svenskspråklege områda i Estland. Øya har vore busett minst sidan 1200-talet, for det meste av svenskar. Før den siste verdskrigen var folketalet på øya oppe i 3000. Men under den andre verdskrigen vart nesten alle dei etniske svenskane på øya, saman med andre etniske svenskar i Estland, evakuerte til Sverige.

Den svenske språkarven kan ein framleis sjå i mange stadnamn på Vormsi, som Hullo, Sviby, Söderby, Norrby, Diby, Rälby, Borrby, Kärrslätt, Saxby og Busby. Det svenske namnet på øya, Ormsö, skal kome av vikinghovdingen Orm.

Vormsi har ferjesamband til Rohuküla på fastlandet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]