Voronezj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Voronezj
Voronezj
Voronezj
Flagget til Voronezj Byvåpenet til Voronezj
Flagget til Voronezj Byvåpenet til Voronezj


Plassering
Voronezj is located in Russland
Voronezj is located in Voronezj oblast
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Voronezj oblast
Grunnlagd 1586
Borgarmeister Alexandr Gusev
Geografi
Flatevidd
 - By

601 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

840 700
  1 398,8 /km²
Koordinatar 51°39′″N 39°12′″EKoordinatar: 51°39′″N 39°12′″E
Høgd over havet 140 moh
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 3940xx
Retningsnummer (tlf) (+7)473
Bilnummer 36
Nettstad: www.voronezh-city.ru

Voronezj (russisk Воро́неж) er ein stor by sørvest i Russland, ikkje langt frå grensa til Ukraina. Han ligg ved Vornezjelva, 20 km frå munningen hennar i Don. Voronezj er det administrative senteret i Voronezj oblast og eit viktig trafikknutepunkt for jernbanen med linjer til Moskva, Rostov-na-Donu og Kiev. Han har om lag 840 000 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Voronezjelva vart først nemnd i Hypatiuskrøniken i 1177. Byen vart grunnlagd 1585–1586 av tsar Fjodor I som ei festning for vern av den russiske landegrensa frå raid frå krim- og nogaj-tatarar. Det har derimot vore busetnader her sidan steinalderen.

På 1600-talet voks Voronezj til ein mellomstor by, særleg etter at tsar Peter den store bygde eit skipsverft i byen, der Azovflotiljen vart bygd for Azovfelttoga i 1695 og 1696. Denne flåten, som truleg var den første som vart bygd i Russland, inkluderte det første russiske linjeskipet, Goto Predestinatsia.

Som følgje av skipsverftet vart Voronezj ei kort stund den største byen i Sør-Russland og det økonomiske senteret i ein stor og frodig region. I 1711 vart han det administrative senteret i Azov oblast, som vart ein del av Vornezj gubernija.

På 1800-talet var Voronezj senteret for Den sentrale svartjordregionen. Fabrikkindustri (møller, talgsmelting, smørmaking, såpe, lêr og anna) og handel av brø, kveg, talg og hår utvikla seg i byen. Voronezj fekk jernbanesamband med Rostov-na-Don i 1868 og Moskva i 1871.

Under den andre verdskrigen vart Voronezj åstad for nokre av dei hardaste kampane mellom russiske og tyske troppar. Han vart nytta som utgangsposisjon for det tyske åtaket på Stalingrad og var eit viktig kryssingspunkt over Don.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Voronezj