Voronezjelva
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Voronezj | ||
| Munning | Don | |
| Land i nedslagsfelt | ||
| Lengd | 342 km | |
| Middelvassføring | 70,8 m³/s | |
| Nedslagsfelt | 21 600 km² | |
Voronezj (russisk Воронеж ) er ei elv i Tambov, Lipetsk og Voronezj oblast i Russland og ei av sideelvane til Don frå venstre. Elva er 342 km lang og har eit nedslagsfelt på 21 600 km². Elva har ei middelvassføring på 70,8 m³/s.
Voronezj frys til tidleg i desember og er islagd til slutten av mars. Elva er framkommeleg for skipsfart i den nedre delen .
Av byar langs Voronezj finn ein Lipetsk og Voronezj.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Воронеж (река)» frå Wikipedia på russisk, den 24. oktober 2008.