Vorteskarv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vorteskarv
Litografi av John Gerrard Keuleman, public domain
Litografi av John Gerrard Keuleman, public domain
Status
Status i verda: VU Sårbar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Sulefuglar Suliformes
Familie: Skarvefamilien Phalacrocoracidae
Slekt: Leucocarbo
Art: Vorteskarv L. carunculatus
Vitskapleg namn
Leucocarbo carunculatus

Vorteskarv (Phalacrocorax carunculatus) er ein særs sjeldan skarveart som er endemisk for New Zealand.

Vorteskarvar er ca. 76 centimeter i lengd og veg om lag 2,5 kilogram. Fjørdrakta er i svart, med kvit underside frå strupen til undergumpen, og kvite flekker på vengfjørene som utgjer eit kvitt band på vengen når fuglen sit. Beina er lyseraude og auga har blå augering. Over nebbrota er det ein gul til oransje, naken hudflekk, og strupe og andlet får ein raud hudpose i hekketida.

Einaste hekkestaden i verda er nokre små øyar i Marlborough Sounds mellom Nordøya og Sørøya på New Zealand.

Vorteskarvar hekkar i koloniar og bygg reir få meter over havoverflata. Dei legg lyseblå egg i mai til juni, normalt to egg i kullet, men eit eller tre egg førekjem. Som andre skarvar er dei fisketarar, men kan òg ta kreps og krabbe. Dei dukkar ned til 20-40 metters djupne, og kan vere under vatn opp til 1,5 minutt, typisk 45 sekund.

Verdspopulasjonen var estimert til 350-1500 individ i 2002, og er stabil.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. BirdLife International 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Vorteskarv