Voulisméni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Voulisméni
Voulisméni - Voulisménisjøen i Ájos Nikólaos
Voulisménisjøen i Ájos Nikólaos
Stad Kreta
Koordinatar 35°11′26″N 25°43′03″EKoordinatar: 35°11′26″N 25°43′03″E
Tilknytte land Hellas
Middeldjupne 64 m
Busetnadar Ájos Nikólaos

Voulisméni (gresk Λίμνη Βουλισμένη, Límni Voulisméni) er ein tidlegare innsjø som i dag er forbunde med havet.[1]. Han ligg i sentrum av byen Ájos NikólaosKreta[2] og er sirkelforma med ein diameter på 137 meter og eit djup 67 m.[2]. Dei lokale kallar han berre «innsjøen». Innsjøen er forbunde til havet via ein kanal som vart grave ut i 1870.

I følgje segna skal gudinna Athena ha bada her. [2][1] Kvart år rundt midnatt før den ortodokse påskedagen samlar mange innbyggjarar i byen seg rundt innsjøen for å feire med fyrverkeri.

Ei anna lokal urban legende fortel at innsjøen er botnlaus[3]. Basert på at innbyggjarar merka forstyrringar i overflata på vatnet under jordskjelvetSantoríni i 1956, meinte mange at det var ein geologisk samanheng mellom dei to stadane, men dette har aldri vorte stadfesta vitskapleg.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]