Vršacfjella

Koordinatar: 45°08′22″N 21°24′47″E / 45.13944°N 21.41306°E / 45.13944; 21.41306
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

45°08′22″N 21°24′47″E / 45.13944°N 21.41306°E / 45.13944; 21.41306

Vršactårnet

Vršacfjella (serbisk: Vršačke planine, Вршачке планине rumensk: Munţii Vârşeţ), òg kalla Vršacåsen (serbisk Vršački breg, Вршачки брег; rumensk Dealurile Vârşeţului), er ei fjellkjede nær Vršac (rumensk Vârşeţ) i provinsen Vojvodina i Serbia og delvis i Romania. Dei er eit sjølvstendig og utprega massiv, 19 km langt og dekkjer eit område på 170 km², der 122 km² ligg i Serbia og 48 km² ligg i Romania. Vršacfjella er forma som ein boge, der dei høgaste fjella ligg i midten og åsar strekkjer seg mot sør og nord.

Toppar[endre | endre wikiteksten]

Vršacfjella har fire større toppar:

  • Vršactårnet (Vršačka kula) - 399 m
  • Revehovudet (Lisičija glava) - med tre toppar:
    • Vršactoppen (Vršački vrh) - 590 m
    • Guduricatoppen (Gudurički vrh), som er den høgaste toppen i Vojvodina, med 641 meter over havet.
    • Nedre Vršišor (Donji Vršišor) - 463 m

Mellom dei ligg store kløfter, som Turska glava, Đakov vrh og Kamenarica som er populær hos fjellklatrarar.

Dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Det er registrert 120 fugleartar i fjella, eit av dei rikaste fugleområda i Vojvodina og heile Serbia. Andre dyr er grå- og raudrev, hjort, villsvin og ulv.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Dei viktigaste kulturmonumenta i fjella er Vršactårnet frå 1400-talet og Mesić kloster, som i følgje dokument frå 1700-talet vart bygd på 1400-talet, medan det tradisjonelt vert rekna som bygd i 1225.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]