Vrangselva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Vrangselva (svensk Vrångsälven) er ei elv som renn frå Lierfløyta i Kongsvinger kommune, gjennom Eidskog kommune og vidare over grensa inn i Eda kommun i Sverige der ho renn ut i sjøen Hugn. Derfrå renn vatnet vidare gjennom andre elvar og sjøar før det når Vänern og følgjer Göta älv ut i Kattegat.

Sidan vasskiljet mellom Vingersjøen og Vrangselva berre er nokre få meter høgt, vil vatn ved høg vasstand i Glomma renne via Vingersjøen og over i Vrangselva.[1] Dette fenomenet vert kalla bifurkasjon. Det er mogeleg at Vrangselva følgjer det tidlegare løpet til Glomma slik det var før noko fekk Glomma til å renne vestover ved Kongsvinger.

Vrangselva vart i 1971 råka av krepsepest som spreidde seg oppover frå Sverige. Det vart prøvd å stoppe spreiinga med elektriske gjerde, men desse mislukkast. Spreiinga stoppa først ved ei betongdemning nesten øvst i elva.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Pettersson, Lars-Evan: «Glommas bifurkasjon ved Kongsvinger»