Vrengen

Koordinatar: 59°10′15.845″N 10°23′22.679″E / 59.17106806°N 10.38963306°E / 59.17106806; 10.38963306
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°10′15.845″N 10°23′22.679″E / 59.17106806°N 10.38963306°E / 59.17106806; 10.38963306

Vrengen
Seglbåtar i Vrengensundet i Vestfold-skjergarden. Nøtterøy til venstre, Tjøme til høgre. I bakgrunnen opnar farvatnet seg utanfor Mågerø.
Land  Noreg
Kart
Vrengen
59°10′16″N 10°23′23″E / 59.17106806°N 10.38963306°E / 59.17106806; 10.38963306

Vrengen[1] eller Vrengensundet er eit krokete sund mellom Nøtterøy og Tjøme i Færder kommune i Vestfold fylke. Vrengen er òg namnet på eit svingete stykke av Arendalsvassdraget i Arendal kommune.

Vrengen i Vestfold[endre | endre wikiteksten]

Vrengenbrua og Vrengensundet sett frå sør i retning mot Kjøpmannskjær i nord. Tjøme til høgre, Nøtterøy til venstre.

Sundet strekkjer seg mellom Ytre Oslofjord i aust og Tønsbergfjorden i vest og er om lag 5,5 km langt. På det smalaste, der Vrengenbrua kryssar sundet, er det berre om lag 150 meter breitt. På Nøtterøysida ligg mellom anna tettstaden Kjøpmannskjær, på Tjøme mellom anna Sundene og Mågerø. For øvrig er det ei rekkje sommarhus og hytter på begge sider. Ved strandstanden Kjøpmannskjær er det båthamn, bensinstasjon og daglegvarehandel med maritim tilknyting. Det er òg ein kjemisk fabrikk, Kjemiservice eigd av Unitor Chemicals, som produserer kjemiske produkt for maritimt bruk. På Tjøme-sida er det fleire båthamner langs Vrengensundet.

I 1932 vart det opna ei bru, Vrengenbrua, over sundet mellom Nøtterøy og Tjøme. Ho vart erstatta av ei ny bru med ei total lengd på 454 meter i 1981. Før 1932 gjekk det ei lita treferje frå Ferjeodden på Tjøme over til Nøtterøy. Ferjeodden er i dag base for Tjøme og Hvasser Raude Kross Hjelpekorps og har Tjøme sin einaste djupvasskai. Inntil slutten av 1800-talet låg ferjeleiet lenger aust i Vrengensundet. Presteskyss var ein viktig funksjon så lenge Tjøme og Nøtterøy hadde prest saman.

Dei siste åra har Statens forureiningstilsyn funne høge førekomstar av det kreftframkallande kjemikalet diuron i Vrengensundet. Det er usikkert kor gifta i sundet kjem frå, men diuron nyttast i botnstoff til båtar for å hindre algevekst.

Namnet «Vrengen» kjem av «vrang», det vil si veldig krokete, og vanskeleg å segle gjennom med større seglfartøy.

Øya Leistein markerer der seglingsleia går frå Oslofjorden mot Vrengensundet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Vrengen». Kartverket / Faktaark. Henta 24. januar 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]