Vukovarska ada

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Vukovarska ada er ei øy i Donau i Kroatia nær byen Vukovar.

Medan Jugoslavia eksisterte var øya ein del av Sosialistrepublikken Kroatia. I den kroatiske sjølvstendekrigen okkuperte den jugoslaviske folkearmeen og serbiske paramilitære styrkar øya. I 1991 vart Kroatia sjølvstendig og Badinter-komiteen avgjorde at grensene mellom republikkane i Jugoslavia skulle verte grensa mellom landa[1], men øya og områda aust i Kroatia var under serbisk kontroll på denne tida.

Etter fredsavtalen i 1998 vart dei austlege områda i Kroatia frigjeve, men øya Vukovar vart verande under serbisk okkupasjon. Ein liknande situasjon oppstod ved Šarengradøya.

I 2004 trekte Serbia hæren sin tilbake frå øya.[2], men kroatar har enno ikkje høve til å vitje øya. Ein del av fredsavtalane sa at Kroatia skulle kontrollere den vestlege breidda av Donau og Serbia den austlege breidda[3]. Serbia meiner derimot at avgjersla til Badinter-komiteen ikkje gjeld, og at Vukovarøya bør verte ein del av Serbia, sidan ho ligg nærare den serbiske breidda enn den kroatiske.[4]. Kroatia meiner at avgjersla til Badinter-komiteen er endeleg og at øya høyrer til Kroatia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Avgjersla til Badinter-komiteen
  2. http://www.skdprosvjeta.com/news.php?id=388
  3. [1] Kart over øya
  4. [2] Serbian godtar ikkje avgjersla til Badinter-komiteen

Koordinatar: 45°20′50″N 19°01′50″E