Vulkanar i Italia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over vulkanar i Italia

Italia er eit vulkansk aktivt land med den einaste aktive vulkanen på det europeiske fastlandet. Denne vulkanske aktiviteten kjem hovudsakleg av at grensa mellom den eurasiatiske plata og den afrikanske plata ligg like sør for landet. Magma som bryt ut frå vulkanane i Italia meiner ein kjem frå ei oppoverretta kraft av stein som er smelta ved subduksjon av ei plate under den andre.

Ein har tre hovudgrupper med vulkansk aktivitet i Italia. Ei linje med vulkanar går nordvestover langs dei sentrale delane av det italienske fastlandet (sjå den campanianske vulkanbogen), ei gruppe nordaust for Sicilia og ei anna gruppe rundt øya Pantelleria i Middelhavet.

Aktive vulkanar[endre | endre wikiteksten]

Stromboli
Utbrot frå Etna i november 2013

Tre av vulkanane i Italia har hatt utbrot dei siste hundre åra:

Sovande vulkanar[endre | endre wikiteksten]

Minst ni andre vulkansenter har hatt utbrot i historisk tid, inkludert nokre undersjøiske vulkanar. I rekkefølgje etter dei nyaste utbrota er desse:

  • Pantelleria, utanfor kysten av Tunisia, truleg var det siste utbrotet rundt år 1000 f.Kr. Det var eit undersjøisk utbrot nokre kilometer lenger nordaust for øya i 1891, som truleg var forbunde til hovudvulkanen.
  • Vulcano, ei anna av Dei eoliske øyane. Det siste utbrotet kom i 1888-1890.
  • Den kortvarige Isola Ferdinandea som hadde utbrot eit par kilometer nordvest for Pantelleria i 1831 og danna ei øy på 63 meter over havet. Ho vart derimot erodert bort alt i 1835. Toppen av vulkanen er i dag eit par meter under overflata. Fleire mindre jordskjelv med senter rundt denne vulkanen i 2002 kan ha oppstått som følgje av at magma flytta seg under vulkanen, men så langt har det ikkje vore nokre utbrot.
  • Vulcanello er ein liten vulkan forbunde til øya Vulcano via eit lite eid. Denne oppstod ut av havet i år 183 f.Kr. og viste stundom aktivitet fram til 1500-talet.
  • Campi Flegrei, ein stort kaldera som inneheld dei vestlege områda av Napoli hadde det siste utbrotet sitt i 1538, som danna ei lita tuffkjegle kalla Monte Nuovo («Nytt fjell»).
  • Ischia, ei øy 20 km vest for Napoli, siste utbrot i 1302.
  • Larderello, sør i Toscana, siste utbrot i 1282 med eit lite freatisk utbrot.
  • Lipari, ei øy nokre kilometer frå Vulcano som har ein vulkan som sist hadde utbrot i 729.
  • Vulcini nord for Roma, som sist hadde utbrot i 104 f.Kr.
  • Roccamonfina, eit vulkankompleks om lag 50 km nord for Napoli, hadde truleg utbrot rundt år 300 f.Kr. med eit brønnutbrot.

Uklåre skildringar om eit utbrot i 114 f.Kr. frå Monte Albano nær Roma finst òg, men det er ikkje funne geologiske spor som stadfestar dette. Truleg hadde denne vulkanen det siste utbrotet sitt for 22 000 år sidan.

Vulkanar i Italia[endre | endre wikiteksten]

Dette er ei liste over aktive og utdøydde vulkanar i Italia.

Namn Høgd Stad Siste utbrot
meter Koordinatar
Alicudi 675 38°32′N 14°22′E / 38.53°N 14.36°E / 38.53; 14.36 50 000 f.Kr.
Amiata 1 738 42°54′N 11°38′E / 42.90°N 11.63°E / 42.90; 11.63 Pleistocene
Campi Flegrei 458 40°49′37″N 14°08′20″E / 40.827°N 14.139°E / 40.827; 14.139 1538
Campi Flegrei Mar Sicilia -8 37°06′N 12°42′E / 37.10°N 12.70°E / 37.10; 12.70 1911
Colli Albani 949 - 20 000 f.Kr.
Monte Albano 949 41°44′N 12°42′E / 41.73°N 12.70°E / 41.73; 12.70 Holocene
Etna 3 350 37°44′N 15°00′E / 37.73°N 15.00°E / 37.73; 15.00 2007
Ferdinandea Undersjøisk - 1831
Filicudi 774 38°35′N 14°35′E / 38.58°N 14.58°E / 38.58; 14.58 35 000 f.Kr.
Monti Iblei 950 37°44′02″N 15°00′14″E / 37.734°N 15.004°E / 37.734; 15.004 -
Ischia 789 40°44′N 13°59′E / 40.73°N 13.98°E / 40.73; 13.98 1302
Larderello 500 43°15′N 10°52′E / 43.25°N 10.87°E / 43.25; 10.87 1282
Linosa 195 35°53′N 12°23′E / 35.88°N 12.38°E / 35.88; 12.38 -
Lipari 602 38°29′N 14°57′E / 38.48°N 14.95°E / 38.48; 14.95 729
Panarea 421 38°38′N 15°04′E / 38.63°N 15.07°E / 38.63; 15.07 8 000 f.Kr.
Pantelleria 836 36°46′N 12°01′E / 36.77°N 12.02°E / 36.77; 12.02 1891
Roccamonfina 1 005 41°18′N 14°54′E / 41.3°N 14.9°E / 41.3; 14.9 50 000-650 000 år sidan
Sabatini complex 612 42°30′N 12°30′E / 42.5°N 12.5°E / 42.5; 12.5 40 000 f.Kr.
Salina 965 38°38′06″N 14°52′37″E / 38.635°N 14.877°E / 38.635; 14.877 11 000 f.Kr.
Stromboli 926 38°47′N 15°13′E / 38.79°N 15.21°E / 38.79; 15.21 2007
Ustica 239 38°43′N 13°12′E / 38.72°N 13.20°E / 38.72; 13.20 150 000 f.Kr.
Montecristo 645 42°20′N 10°19′E / 42.34°N 10.32°E / 42.34; 10.32 -
Monte Venere - - 95 000 f.Kr.
Vesuv 1 281 40°49′N 14°26′E / 40.82°N 14.43°E / 40.82; 14.43 1944
Vulcano 500 38°24′13″N 14°57′42″E / 38.40361°N 14.96167°E / 38.40361; 14.96167 1892
Vulcanello 123 38°24′14″N 14°57′43″E / 38.404°N 14.962°E / 38.404; 14.962 1890
Vulsini 800 42°36′N 11°56′E / 42.60°N 11.93°E / 42.60; 11.93 104 f.Kr.
Monte Vulture 1 326 40°57′N 15°38′E / 40.950°N 15.633°E / 40.950; 15.633 40 000 f.Kr.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]