Vulkaneksplosivitetsindeks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
VEI og ejisert volumkorrelasjon

Vulkaneksplosivitetsindeks (VEI) er eit relativt mål på eksplosiviteten til eit vulkanutbrot.

Volumet av utkasta masse, skyhøgda til utbrotet og kvalitative observasjonar (med uttrykk frå «mild» til «megakolossal») vert nytta for å avgjere indeksen. Skalaen har ein open ende, og dei største vulkanane i historia er gjevne storleik 8. Ein verdi på 0 er gjeven til ikkje-eksplosive utbrot (mindre enn 104 kubikkmeter med tefra vert kasta ut) og ein verdi på 8 representerer eit megakolossalt utbrot som kan kaste ut 1012 kubikkmeter tefra og ha ei oskesøyle med ei høgd på over 25 km. Kvart intervall på skalaen er ei tidobling utkasta masse av den førre.

Merk at oske, vulkanske bomber og ignimbritt alle vert handsama likt. Ein svakheit med VEI er at han ikkje tar med eksplosjonskrafta i utbrotet, men dette er igjen nesten umogeleg å påvise med førhistoriske utbrot eller utbrot som ikkje vert observert.

Klassifisering[endre | endre wikiteksten]

Forskarar måler kor kraftige vulkanutbrota er ved å nytte VEI, vulkaneksplosivitetsindeksen. Han gjev eit mål på kor mykje masse vulkanen spyr ut, kor høgt utbrotet går og kor lenge det varer. Skalaen går frå 0 til 8 og ein vulkan med VEI på 1 er 10 gongar kraftigare enn ein vulkan med VEI på 0.

VEI Klassifisering Skildring Oskesky Utkasta volum Hyppigheit Døme Hendingar *
0 Hawaiiutbrot ikkje-eksplosivt < 100 m < 10,000 m³ dagleg Mauna Loa mange
1 Hawaii/Strombolisk mildt 100–1000 m > 10,000 m³ dagleg Stromboli mange
2 Strombolisk/Vulkaniansk eksplosivt 1–5 km > 1 000 000 m³ vekentleg Galeras (1993) 3477*
3 Vulkaniansk/Peleansk kraftig 3–15 km > 10 000 000 m³ årleg Nevado del Ruiz (1985) 868
4 Peleansk/Pliniansk katastrofalt 10–25 km > 0,1 km³ ≥ 10 år Soufrière (1995) 278
5 Pliniansk paroxysmisk > 25 km > 1 km³ ≥ 50 pr St. Helens (1980) 84
6 Pliniannsk/Ultra-Pliniansk kolossalt > 25 km > 10 km³ ≥ 100 år Pinatubo (1991) 39
7 Pliniansk/Ultra-Pliniansk superkolossalt > 25 km > 100 km³ ≥ 1000 år Tambora (1815) 5 (+ kanskje to til)
8 Ultra-Pliniansk megakolossalt > 25 km > 1 000 km³ ≥ 10 000 år Toba (73 000 år sidan) ingen

* Talet på utbrot dei siste ti tusen åra er basert på tal frå 1994 frå Global Volcanism Program til Smithsonian Institution

Merk at det er ein diskontinuitet i definisjonen til VEI mellom indeks 1 og 2. Den nedre grensa til utkasta volum hoppar med ein faktor på 100 frå 10 000 til 1 000 000 m³ medan faktoren er 10 mellom alle høgare indeksar.

Liste over utbrot[endre | endre wikiteksten]

VEI Namn År
0 Mauna Loa 1984
Piton de la Fournaise 2004
Hoodoo Mountain 7050 fvt.?
1 Kilauea 1983 - til i dag
Nyiragongo 2002
Wells Gray-Clearwater 1500?
2 Mount Hood 1865-1866
Kilauea 1924
Nazko Cone 7200 år sidan
Tristan da Cunha 1961
Whakaari/White Island 2001
Usu 2000-2001
3 Vesuv 1913-1944
Mount Edziza 950
Surtsey 1963-1967
Eldfell 1973
Nevado del Ruiz 1985
Etna 2002-2003
Mount Garibaldi 9 300 år sidan
4 Mont Pelée 1902
Parícutin 1943-1952
Hekla 1947
Galunggung 1982
Mount Spurr 1992
5 Vesuv (Pompeiiutbrotet) 79
Agung 1963
Mount St. Helens 1980
Mount Meager 2350 år sidan
El Chichón 1982
Cerro Hudson 1991
6 Etna 8000 år sidan?
Vesuv (Avellinoutbrotet) 1660 fvt. ± 43 år
Santorini (Det minoiske utbrotet) 1620- eller 1520-talet fvt.
Mount Churchill (White River Ash) 1200 år sidan
Ilopango 450 ± 30 år
Laki 934
Baekdu (Tianchiutbrotet) 1000
Kuwae 1452 eller 1453
Huaynaputina 1600
Laki 1783
Krakatoa 1883
Santa María 1902
Novarupta 1912
Pinatubo 1991
7 Bennett Lake vulkanen 50 millionar år sidan
Yellowstone (Mesa Falls-utbrotet) 1,3 millionar år sidan
Long Valley kaldera 760 000 år sidan
Laacher See 12,900 år sidan
Kurile 6440 fvt. ± 25 år
Crater Lake nasjonalpark (Mount Mazama-utbrotet) 4860 fvt.
Kikai (Akahoyautbrotet) 4350 fvt.
Taupo (Hatepeutbrotet) 180
Tambora 1815
8 La Garita kaldera 27 millionar år sidan
Yellowstone (Huckleberry Ridge-utbrotet) 2,2 millionar år sidan
Galán 2,2 millionar år sidan
Yellowstone (Lava Creek-utbrotet) 640 000 år sidan
Toba 73 000 år sidan
Taupo (Oruanuiutbrotet) 26 500 år sidan

Merk at det ikkje har fore eit VEI-8-utbrot dei siste ti tusen åra. Oruanuiutbrotet ved Taupo er truleg det nyaste, for 26 500 år sidan. Det finst ein teori som går ut på at Det minoiske utbrotet til Santorini kan ha vore dobbelt så kraftig som ein først har trudd. Dette er i så fall kraftigare enn Tambora sitt utbrot i 1815.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. McCoy, F. W. and Dunn, S., 2002, Modelling the Climatic Effects fo the LBA Eruption of Thera: New Calculations of Tephra Volumes May Suggest a Significantly Larger Eruption than Previously Reported [abst.]; Proceedings of the Chapman Conference on Volcanism and the Earth’s Atmosphere, Am. Geophysical Union, Santorini, Greece: 21-22.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]